Kva er innhaldsmarknadsføring?

Innhaldsmarknadsføring er eit kommersielt annonseprodukt. Det betyr at det er ein kommersiell aktør som skaper innhald som er av interesse for personar som verksemda ønskjer å nå ut til. Til dette kjøper dei kommersiell marknadsføringsplass i nettaviser sine annonsevedlegg, skilt frå redaksjonelt innhald.

God innhaldsmarknadsføring gir lesarane ny kunnskap og gode opplevingar. Gjennom dette vert bygt ein relasjon mellom verksemda og lesaren, og omdømmet og profilen til verksemda vert utvikla. Innhaldet skal gi ein merverdi for lesaren, uavhengig av om ein ønskjer å føreta kjøp. Innhaldsmarknadsføring bruker tekst, bilete og eventuelt video som forteljarverktøy.

Kvifor innhaldsmarknadsføring?

For 100 år sidan var det kontroversielt at avisa trykte annonsar i avisa. Ved introduksjon var det for mange uvant. Sidan det gjekk tydeleg fram at annonsane ikkje var redaksjonelt innhald, vart dette ein viktig funksjon for lokalavisa av to årsaker. Det handla om at lokalavisa kunne utvikle ein arena som samlande torgfunksjon, ein arena som førte til at lokale næringsdrivande nådde ut til kundane sine med bodskapen sin. Derigjennom kunne dei skape grunnlag for verksemda si og lokale arbeidsplassar.

I tillegg utgjorde annonsane for avisa viktig finansiering av journalistikk, samtidig som redaksjonell uavhengigheit vart oppretthalden. Over tid har marknadsføringa utvikla seg på mange måtar, og særleg den digitale revolusjonen har opna for nye løysingar. Avisa vår ønskjer å utvikle seg med lokale annonsørar, og gjer dette ved å tilby marknadsføringsløysingar som gir annonsørane god effekt.

Innhaldsmarknadsføring er i ferd med å etablere seg som eit verknadsfullt marknadsføringsprodukt i både internasjonale og nasjonale medium. Gjort på rett måte er det vår oppfatning at dette er eit godt og viktig produkt som også lokale annonsørar skal få tilgang til.

Korleis ser vi skilnad?

Innhaldsmarknadsføring er eit reint kommersielt produkt. Redaksjonen i avisa vår har ingenting med dette å gjere. Derfor er det også viktig at lesarane ser og forstår skilnaden på redaksjonelt og kommersielt innhald. Kravet til slikt skilje vert tydeleg understreka i dei etiske retningslinjene for medium, kalla Ver varsam-plakaten, og særleg punkt 2.6.

Kommersielt innhald skal vere tydeleg merkt. Dette er hos oss gjort med merking på framsida, med ordet «Annonse» i biletet. Ved å klikke på saka kjem lesaren til ei side som er annleis i utforming. Toppen av sida er merkt med «Betalt innhald», og øvst i teksten ligg ei merking av at innhaldet er innhaldsmarknadsføring.

Å vere tydeleg

For avisa vår er det viktig at lesarane straks ser og forstår skilnaden på innhaldsmarknadsføring og ordinært redaksjonelt innhald. Akkurat som for 100 år sidan er den redaksjonelle integriteten og uavhengigheita til avisa særs viktig for oss. Dersom nokon opplever at skiljet og merkinga er utydeleg, vil vi høyre det så snart som mogleg. Det er viktig at lokalavisa kan tilby gode og effektive marknadsføringsprodukt, men vi vil ikkje la det svekkje truverdet vårt.

Lukk

Derfor anbefaler Knut Olav

Premium WiFi

Annonse frå Enivest

Nett via kabel er det aller beste, forklarer Knut Olav Arnestad, som er dataingeniør og nettverkskonsulent i Enivest. Men han innrømmer at det er alt for tungvint for folk. For å møte kravet om ein enkel og rask nettkvardag har vi saman med EyeSaas, Universitetet i Oslo og AirTies utvikla eit produkt, som vi kallar Premium WiFi. Nettverkskonsulenten hos Enivest viser fram korleis den nye pakken med 3 boksar og ein app gir stabilt og raskt nettverk i heile huset.

Full dekning i heile huset

Vi må ha nokre fleire punkt rundt om i huset for å få fullgod effekt. Den eine boksen pluggar du inn i modemet, og dei to andre plasserer du rundt i huset. Om du ønsker, kan du styre det heile enkelt og greitt frå ein app på mobilen din. Knut Olav viser AirTies appen som er på engelsk. Premium WiFi gir deg full dekning der du tidlegare knapt hadde kontakt med nettet ditt. Eg er superfornøgd med løysinga, og anbefaler det til alle som har meir enn ei etasje – og du treng ikkje vere dataingeniør for å bruke dette, presiserer Knut Olav. Du kan til og med få teste det ut i huset ditt, før du bestemmer deg. Vi tilbyr 2 veker ope kjøp. 

Klage på dårleg nett

Vi får ofte inn telefonar frå folk som seier at dei har «dårleg nett«, fortel Idun Samdal som sit på kundesenteret til Enivest. Oppgåva vår er å hjelpe folk til ein enklare og problemfri nettkvardag. Folk trur som regel at det er internettlinja inn til huset som er problemet, men vi ser at utfordringa i dei fleste tilfelle kjem frå det trådlause nettet. Difor har vi no kome opp med ei ny og betre løysing – Premium WiFi som set fart på nettet.

Møter motstand på vegen

Vi er vande med å bruke nettet på alle flater og til alle tider. Samtidig forventar vi at det trådlause nettet skal levere på topp – anten vi har 1 eller 4 mobilar, 2 eller 3 PC-ar og nettbrett eller for den del streamar film og musikk – og gjerne alt på ein gong. Fiberen sikrar folk høg fart inn til modemet, forklarar Idun. – Men det trådlause nettverket som går ut frå modemet møter mange utfordringar på vegen. Dermed får vi «dårleg nett». Teknologien har sine klare avgrensingar, seier Idun og viser til at storleiken på huset, rekkevidde, tal einingar som brukar nettet, plassering av modem og forstyrringar frå andre nettverk er avgjerande faktorar. 

Fakta om Premium WiFi:

• For dei med meir enn ei etasje

• Lett å sette opp og styring via app • 3 boksar med saumlaus flytting (roaming) og optimalisering i huset • Support og service inkludert • 14 dagar ope kjøp før du bestemmer deg 

 Les meir på: www.enivest.no/premium-wifi

Redaksjonen i Firda har ingen rolle i produksjonen av dette innholdet