Kva er innhaldsmarknadsføring?

Innhaldsmarknadsføring er eit kommersielt annonseprodukt. Det betyr at det er ein kommersiell aktør som skaper innhald som er av interesse for personar som verksemda ønskjer å nå ut til. Til dette kjøper dei kommersiell marknadsføringsplass i nettaviser sine annonsevedlegg, skilt frå redaksjonelt innhald.

God innhaldsmarknadsføring gir lesarane ny kunnskap og gode opplevingar. Gjennom dette vert bygt ein relasjon mellom verksemda og lesaren, og omdømmet og profilen til verksemda vert utvikla. Innhaldet skal gi ein merverdi for lesaren, uavhengig av om ein ønskjer å føreta kjøp. Innhaldsmarknadsføring bruker tekst, bilete og eventuelt video som forteljarverktøy.

Kvifor innhaldsmarknadsføring?

For 100 år sidan var det kontroversielt at avisa trykte annonsar i avisa. Ved introduksjon var det for mange uvant. Sidan det gjekk tydeleg fram at annonsane ikkje var redaksjonelt innhald, vart dette ein viktig funksjon for lokalavisa av to årsaker. Det handla om at lokalavisa kunne utvikle ein arena som samlande torgfunksjon, ein arena som førte til at lokale næringsdrivande nådde ut til kundane sine med bodskapen sin. Derigjennom kunne dei skape grunnlag for verksemda si og lokale arbeidsplassar.

I tillegg utgjorde annonsane for avisa viktig finansiering av journalistikk, samtidig som redaksjonell uavhengigheit vart oppretthalden. Over tid har marknadsføringa utvikla seg på mange måtar, og særleg den digitale revolusjonen har opna for nye løysingar. Avisa vår ønskjer å utvikle seg med lokale annonsørar, og gjer dette ved å tilby marknadsføringsløysingar som gir annonsørane god effekt.

Innhaldsmarknadsføring er i ferd med å etablere seg som eit verknadsfullt marknadsføringsprodukt i både internasjonale og nasjonale medium. Gjort på rett måte er det vår oppfatning at dette er eit godt og viktig produkt som også lokale annonsørar skal få tilgang til.

Korleis ser vi skilnad?

Innhaldsmarknadsføring er eit reint kommersielt produkt. Redaksjonen i avisa vår har ingenting med dette å gjere. Derfor er det også viktig at lesarane ser og forstår skilnaden på redaksjonelt og kommersielt innhald. Kravet til slikt skilje vert tydeleg understreka i dei etiske retningslinjene for medium, kalla Ver varsam-plakaten, og særleg punkt 2.6.

Kommersielt innhald skal vere tydeleg merkt. Dette er hos oss gjort med merking på framsida, med ordet «Annonse» i biletet. Ved å klikke på saka kjem lesaren til ei side som er annleis i utforming. Toppen av sida er merkt med «Betalt innhald», og øvst i teksten ligg ei merking av at innhaldet er innhaldsmarknadsføring.

Å vere tydeleg

For avisa vår er det viktig at lesarane straks ser og forstår skilnaden på innhaldsmarknadsføring og ordinært redaksjonelt innhald. Akkurat som for 100 år sidan er den redaksjonelle integriteten og uavhengigheita til avisa særs viktig for oss. Dersom nokon opplever at skiljet og merkinga er utydeleg, vil vi høyre det så snart som mogleg. Det er viktig at lokalavisa kan tilby gode og effektive marknadsføringsprodukt, men vi vil ikkje la det svekkje truverdet vårt.

Lukk

For første gong i Enivest si historie: Kampanje på fiber

Annonse frå Enivest

Enivest vart etablert i 2001, og har sidan den gong levert internett på fiber, DSL og trådlaus teknologi. Tradisjonelt sett har det tidlegare vore vanleg med kampanjar på DSL abonnement – teknologi levert over den tradisjonelle koparlinja. I tillegg nokre få gongar på trådlaus teknologi. I denne sommarkampanjen er dette annleis. No har Enivest for første gong kampanje som gjeld for alle teknologiar dei tilbyr.

Salssjef PM Margrete Lunde, og leiar Strategi og forretningsutvikling Stig Myrmel i Enivest, tilbyr no for første gong, kampanje på fiber.
Salssjef PM Margrete Lunde, og leiar Strategi og forretningsutvikling Stig Myrmel i Enivest, tilbyr no for første gong, kampanje på fiber. (Foto: Christiane Ulriksen.)

Mange fordelar

Enivest har bygd fiber mange stadar i fylket. Vi ser at kundar i større grad etterspør høgare hastigheiter. Derfor valte vi i denne sommarkampanjen å tilby 6 månader til kr 298 på alle teknologiar. Vi håpar at alle som kan få fiber vel dette produktet, fordi det gir høgast hastigheit og best stabilitet. Fiber har mange fordelar framfor tradisjonelt breiband. Med fiber er ein mellom anna ikkje avhengig av avstand ein bur ifrå ein sentral, av kvalitet på kabelen eller kor mange av dine naboar som brukar internettlinja samtidig. 

Kven kan få kampanjetilbodet?

Alle som bestiller internett eller bytter til Enivest i kampanjeperioden, får i utgangspunkt kampanjepris. Ved bestilling av fiber og trådlaus teknologi, gjeld kampanjen i ferdig utbygde felt. I felt som er under sal eller utbygging, gjeld ikkje denne kampanjen. Kundar som teiknar abonnement før feltet blir utbygt, får normalt kampanjetilbod som gir betre utteljing mellom anna ved lågare etableringsprisar. Ønsker du å finne ut om du kan få breiband til kampanjepris, så gjer du det enkelt ved å gå inn på enivest.no. Tast inn adressa di, legg inn lokasjonen der du bur, og vel eit produkt. Då ser du straks om du får nytte deg av kampanjen eller ikkje. Dette gjeld på alle teknologiar. Du kan og ringe til Enivest kundeservice, så hjelper dei deg.

Linja vert heller ikkje påverka av temperatur og vêr, slik vi kjenner det frå andre teknologiar. Vi ser også at fleire er opptekne av at fiber gir ei verdiauke på bustaden, og at ein slepp å betale linjeleige på kr 88 per månad. For at kundar som ikkje kan få fiber også skal få fordel av denne sommarkampanjen, så har vi valt å gi same pristilbod uansett teknologi. 

Linja vert heller ikkje påverka av temperatur og vêr, slik vi kjenner det frå andre teknologiar.

Enkelt og greitt. Vel du til dømes fiber 70 betaler du kr 298 per månad i 6 månader, og deretter ordinær pris på kr 569 per månad. Er du fiberkunde og bestiller TV i kampanjeperioden, får du 3 månader Get TV utan kostnad seier Margrete Lunde, som er salssjef PM i Enivest.

Kvifor velje Enivest?

Uansett leverandør, så er grunnproduktet internett ganske likt. Det som frå min innfallsvinkel utgjer forskjellen på oss og dei store aktørane, er at vi tilbyr lokal kundeservice og at vi gir noko tilbake til fylket vårt. Vi støttar mange lag, organisasjonar og arrangement – og investerer betrakteleg i fylket sin teknologiske infrastruktur. Enivest subsidierer i stor grad fiberutbygging per husstand. Dette er til god hjelp for å halde nede etableringskostnadane for kvar enkelt husstand. Det kan ta fleire år før vi tener noko på levering av fiber, men vi gjer det for at fleire skal få tilgang på høghastigheitsbreiband. Vi ønsker at distriktet vårt skal vere attraktivt å bu i og at folk som til dømes er avhengig av heimekontor, skal kunne få gode løysingar. Levering av digital infrastruktur og godt internett, ser vi på som ein del av vårt samfunnsansvar avsluttar Stig Myrmel, leiar Strategi og forretningsutvikling.

Redaksjonen i Firda har ingen rolle i produksjonen av dette innholdet