Kva er innhaldsmarknadsføring?

Innhaldsmarknadsføring er eit kommersielt annonseprodukt. Det betyr at det er ein kommersiell aktør som skaper innhald som er av interesse for personar som verksemda ønskjer å nå ut til. Til dette kjøper dei kommersiell marknadsføringsplass i nettaviser sine annonsevedlegg, skilt frå redaksjonelt innhald.

God innhaldsmarknadsføring gir lesarane ny kunnskap og gode opplevingar. Gjennom dette vert bygt ein relasjon mellom verksemda og lesaren, og omdømmet og profilen til verksemda vert utvikla. Innhaldet skal gi ein merverdi for lesaren, uavhengig av om ein ønskjer å føreta kjøp. Innhaldsmarknadsføring bruker tekst, bilete og eventuelt video som forteljarverktøy.

Kvifor innhaldsmarknadsføring?

For 100 år sidan var det kontroversielt at avisa trykte annonsar i avisa. Ved introduksjon var det for mange uvant. Sidan det gjekk tydeleg fram at annonsane ikkje var redaksjonelt innhald, vart dette ein viktig funksjon for lokalavisa av to årsaker. Det handla om at lokalavisa kunne utvikle ein arena som samlande torgfunksjon, ein arena som førte til at lokale næringsdrivande nådde ut til kundane sine med bodskapen sin. Derigjennom kunne dei skape grunnlag for verksemda si og lokale arbeidsplassar.

I tillegg utgjorde annonsane for avisa viktig finansiering av journalistikk, samtidig som redaksjonell uavhengigheit vart oppretthalden. Over tid har marknadsføringa utvikla seg på mange måtar, og særleg den digitale revolusjonen har opna for nye løysingar. Avisa vår ønskjer å utvikle seg med lokale annonsørar, og gjer dette ved å tilby marknadsføringsløysingar som gir annonsørane god effekt.

Innhaldsmarknadsføring er i ferd med å etablere seg som eit verknadsfullt marknadsføringsprodukt i både internasjonale og nasjonale medium. Gjort på rett måte er det vår oppfatning at dette er eit godt og viktig produkt som også lokale annonsørar skal få tilgang til.

Korleis ser vi skilnad?

Innhaldsmarknadsføring er eit reint kommersielt produkt. Redaksjonen i avisa vår har ingenting med dette å gjere. Derfor er det også viktig at lesarane ser og forstår skilnaden på redaksjonelt og kommersielt innhald. Kravet til slikt skilje vert tydeleg understreka i dei etiske retningslinjene for medium, kalla Ver varsam-plakaten, og særleg punkt 2.6.

Kommersielt innhald skal vere tydeleg merkt. Dette er hos oss gjort med merking på framsida, med ordet «Annonse» i biletet. Ved å klikke på saka kjem lesaren til ei side som er annleis i utforming. Toppen av sida er merkt med «Betalt innhald», og øvst i teksten ligg ei merking av at innhaldet er innhaldsmarknadsføring.

Å vere tydeleg

For avisa vår er det viktig at lesarane straks ser og forstår skilnaden på innhaldsmarknadsføring og ordinært redaksjonelt innhald. Akkurat som for 100 år sidan er den redaksjonelle integriteten og uavhengigheita til avisa særs viktig for oss. Dersom nokon opplever at skiljet og merkinga er utydeleg, vil vi høyre det så snart som mogleg. Det er viktig at lokalavisa kan tilby gode og effektive marknadsføringsprodukt, men vi vil ikkje la det svekkje truverdet vårt.

Lukk

Difor målar Widerøe striper på propellane sine

Annonse frå Widerøe

Zebrastripene på propellane til Widerøe-flya vekkjer internasjonal merksemd. Målet er å skremme fuglar frå å kollidere med flya.

FLORØ LUFTHAVN: Sjå etter dei stripete propellane neste gong du er ute og flyr.

- Det er vanskeleg å seie kva fuglane tenkjer når dei ser dette. Men som gammal pilot veit eg at viss ein ser noko i lufta, så vil ein ikkje flyge inn i det. Eg håpar fuglane tenkjer det same, seier Bjørn Johansen, Safety Manager i Widerøe’s Flyveselskap AS.

Vi står i ein hangar i enden av Bodø Lufthavn der Widerøe har hovudkontoret sitt.

Her står det fly til overhaling. I propellverkstaden heng propellane som ventar på å bli måla i svarte og kvite striper. Og nei, stripene er ikkje til pynt.

Veit du kem Viggo Widerøe var? Les historien om mannen som tilbragte fire år i konsentrasjonsleir

...som gammal pilot veit eg at viss ein ser noko i lufta, så vil ein ikkje flyge inn i det. Eg håpar fuglane tenkjer det same.

Bjørn Johansen, Safety Manager i Widerøe’s Flyveselskap AS

Kan gi store skader

Hensikta er å redusere talet på bird strikes, altså kollisjonar mellom fly og fugl. Kollisjonar mellom fly og fugl er eit alvorleg problem for flysikkerheita både nasjonalt og internasjonalt. Kollisjonane kan skade fly og materiell, og det kan gi store forsinkelsar i flytrafikken.

Dei siste åra har Bjørn Johansen levd og anda for Widerøes unike prosjekt med å måle svarte og kvite striper på propellane.

Ideen er at propellane blir meir synlege. Augene oppfattar eit pulserande mønster som er mykje mer iaugefallande enn om propellane berre hadde vore i originalfargen svart.

TRYGT: - Flysikkerheit handlar også om å sove godt om natta, og vite at ein har gjort noko, seier Bjørn Johansen, Safety Manager i Widerøe’s Flyveselskap.

Internasjonal merksemd

I Widerøe blei dei første propellane måla i 2012. Bjørn Johansen samarbeider tett med Christian K. Aas, ornitolog ved Naturhistorisk museum om prosjektet. Aas har sidan 1991 vore forskar ved Fly/fugl-kontoret, som er rådgjevande instans for Luftforsvaret og Avinor. Widerøe-prosjektet vil vonleg gi ny, verdifull kunnskap om bird strikes.

Prosjektet har vekt internasjonal merksemd. I 2014 blei Johansen og Aas invitert til World Birdstrike Associations konferanse i Mexico for å fortelje om funna sine.

Sjølv om det er Bjørn Johansen som har teke inititativ til prosjektet i Widerøe, kan ideen faktisk sporast tilbake til amerikanske hangarskip og 1950-talet.

- For meg starta det då eg kom i snakk med pilotar som dreiv ambulanseflyging på Svalbard. Dei hadde striper på propellane sine, og fortalte at det hadde ført til færre bird strikes.

Alt på 1950-talet eksperimenterte den amerikanske marinen med stripete propellar på overvakingsflya dei hadde på hangarskip.

Pulserande effekt

Mønsteret som Widerøe har valt, stammar frå ei tilråding amerikanske luftfartstyresmakter (FAA) kom med i ein rapport på 1970-talet.

Propellblada som står mot kvarandre er måla asymmetrisk, og det gir ein uroleg, pulserande effekt når propellane går i høg fart.

Ut og reise? Disse appene bør du vite om!

Widerøe er Nordens største regionale flyselskap, med 3000 tilsette og ein årleg omsetning på 3,8 milliardar kroner. Selskapet fraktar nær 3 millionar passasjerar i året og trafikkerer 47 flyplassar i inn- og utland, sommarruter inkludert.

Widerøe har meir enn 450 avgangar dagleg, og flyg til dobbelt så mange flyplassar i Norge enn noko anna flyselskap. Dei kommersielle rutene utgjer i dag 60 prosent, medan tilbodsrutene på kortbanenettet utgjer 40 prosent av Widerøe si verksemd.

Det er mange faktorar som påverkar bird strike-statistikken, blant anna fuglebestand, men talmaterialet til Johansen og Aas viser ei positiv utvikling.

- Dei tala vi har i dag, viser at det har ein effekt. Fuglane flyg unna, seier Johansen, og utdjupar:

- Vi har færre bird strikes. Nedgangen er ikkje stor, men interessant sett i lys av flytrafikken forøvrig. Der ser vi nemleg ein markant auke i bird strikes. Vi har altså motsett tendens, forklarar Bjørn Johansen.

Til glede for passasjerar og fugl

Det gir Bjørn Johansen ei god kjensle. Han får mange spørsmål frå passasjerar som lurer på kvifor det er striper på propellane, og han er glad for å fortelje at det har med tryggleik å gjere.

Ikkje berre med tanke på bird strikes, men tilbakemeldingar frå tilsette viser at stripene gjer propellane mer synlege for menneske. Det reduserer risikoen for at personell skal gå i propellen.

- Flysikkerheit handlar også om å sove godt om natta, og vite at ein har gjort noko, seier Bjørn Johansen, Safety Manager i Widerøe’s Flyveselskap AS.

STRIPER: Widerøe målar sjølv om propellane sine i propellverkstaden. Når samtlege propellblad er måla, vil augene til både fuglar og menneske oppfatte eit pulserande, uroleg mønster når propellane snurrar. Sjå videoen øverst i artikkelen.

Redaksjonen i Firda har ingen rolle i produksjonen av dette innholdet