Kva er innhaldsmarknadsføring?

Innhaldsmarknadsføring er eit kommersielt annonseprodukt. Det betyr at det er ein kommersiell aktør som skaper innhald som er av interesse for personar som verksemda ønskjer å nå ut til. Til dette kjøper dei kommersiell marknadsføringsplass i nettaviser sine annonsevedlegg, skilt frå redaksjonelt innhald.

God innhaldsmarknadsføring gir lesarane ny kunnskap og gode opplevingar. Gjennom dette vert bygt ein relasjon mellom verksemda og lesaren, og omdømmet og profilen til verksemda vert utvikla. Innhaldet skal gi ein merverdi for lesaren, uavhengig av om ein ønskjer å føreta kjøp. Innhaldsmarknadsføring bruker tekst, bilete og eventuelt video som forteljarverktøy.

Kvifor innhaldsmarknadsføring?

For 100 år sidan var det kontroversielt at avisa trykte annonsar i avisa. Ved introduksjon var det for mange uvant. Sidan det gjekk tydeleg fram at annonsane ikkje var redaksjonelt innhald, vart dette ein viktig funksjon for lokalavisa av to årsaker. Det handla om at lokalavisa kunne utvikle ein arena som samlande torgfunksjon, ein arena som førte til at lokale næringsdrivande nådde ut til kundane sine med bodskapen sin. Derigjennom kunne dei skape grunnlag for verksemda si og lokale arbeidsplassar.

I tillegg utgjorde annonsane for avisa viktig finansiering av journalistikk, samtidig som redaksjonell uavhengigheit vart oppretthalden. Over tid har marknadsføringa utvikla seg på mange måtar, og særleg den digitale revolusjonen har opna for nye løysingar. Avisa vår ønskjer å utvikle seg med lokale annonsørar, og gjer dette ved å tilby marknadsføringsløysingar som gir annonsørane god effekt.

Innhaldsmarknadsføring er i ferd med å etablere seg som eit verknadsfullt marknadsføringsprodukt i både internasjonale og nasjonale medium. Gjort på rett måte er det vår oppfatning at dette er eit godt og viktig produkt som også lokale annonsørar skal få tilgang til.

Korleis ser vi skilnad?

Innhaldsmarknadsføring er eit reint kommersielt produkt. Redaksjonen i avisa vår har ingenting med dette å gjere. Derfor er det også viktig at lesarane ser og forstår skilnaden på redaksjonelt og kommersielt innhald. Kravet til slikt skilje vert tydeleg understreka i dei etiske retningslinjene for medium, kalla Ver varsam-plakaten, og særleg punkt 2.6.

Kommersielt innhald skal vere tydeleg merkt. Dette er hos oss gjort med merking på framsida, med ordet «Annonse» i biletet. Ved å klikke på saka kjem lesaren til ei side som er annleis i utforming. Toppen av sida er merkt med «Betalt innhald», og øvst i teksten ligg ei merking av at innhaldet er innhaldsmarknadsføring.

Å vere tydeleg

For avisa vår er det viktig at lesarane straks ser og forstår skilnaden på innhaldsmarknadsføring og ordinært redaksjonelt innhald. Akkurat som for 100 år sidan er den redaksjonelle integriteten og uavhengigheita til avisa særs viktig for oss. Dersom nokon opplever at skiljet og merkinga er utydeleg, vil vi høyre det så snart som mogleg. Det er viktig at lokalavisa kan tilby gode og effektive marknadsføringsprodukt, men vi vil ikkje la det svekkje truverdet vårt.

Lukk

Bustadtomt med noko attåt

Annonse frå Firda - Stian Grimseth - Grimsethmarka

Kven sa ein ikkje kunne få i både pose og sekk? Naustdal har knekt koden og kombinert urbant byliv med landleg friluftsliv.

20 bustadtomter utan byggeklausul

Pris frå 480.000,-


For meir informasjon ta kontakt med Stian Grimseth på:

Telefon: 913 60 531

E-post: stian.grimseth@enivest.net

Eller sjå annonse på Finn.no her

Midt på Sunnfjord-aksen, mellom byane Florø og Førde, ligg Naustdal – ein kommune i vekst og utvikling. Nyoppussa skule, to nystarta barnehagar, stor idrettshall med kunstgras og vektløftarhall, ski-anlegg og ei badestrand i sentrum som andre kommunar i Sogn og Fjordane kan sjå langt etter.

– Vi ønskte å busette oss sentralt i Sunnfjord, då kona jobbar som sokneprest i Naustdal og eg i misjonstenesta i Førde. Naustdal er ei svært hyggeleg bygd med eit triveleg og inkluderande folk, så då tomtene i Grimsethmarka blei lagde ut, var vi ikkje i tvil, seier tomtekjøpar Ingvald og Rigmor Frøyen.

– Bygda har alt vi såg etter. Sentrumsnært, med kort veg til Førde og Florø, men samstundes landleg. Her har vi utsikt over dalen og elva, det er høgt nok oppe i fjellsida til at vi får kveldssol, og ein kjem ikkje nærmare skog og turområde, forklarar Frøyen.

Det vesle ekstra

Grunneigar for tomtefeltet i Grimsethmarka, som er ei forlenging av eksisterande bustadfelt på sørsida av elva, tilbyr også eit noko unikt tomtesal.

– Eg har sjølv vakse opp på eit gardsbruk og veit at mange ønskjer å gi borna sine sunne og landlege oppvekstvilkår. Men alle kan ikkje drive landbruk på heiltid, seier grunneigar Stian Grimseth, som no har starta eit tomtesal med noko attåt. Bokstavleg talt.

– Vi vil tilby ulike pakketilbod til dei som ønskjer å busette seg her. Kva med å ta del i delar av garden sin fiskerett, i kanskje ei av Norges beste lakseelver? Eller kva med å realisere eigen parsellhage eller ha sjanse til å hogge eigen ved på tilvist plass? spør Grimseth.

Parsellhage

Pakketilbodet rundt tomtekjøpet var ei ekstra overrasking for familien som har investert i det nye Grimseth-feltet.

– Vi hadde allereie bestemt oss for tomta i vår, lenge før pakketilboda kom på bordet. For oss var det aller viktigaste at vi trivst i bygda og blei positivt overraska over samhaldet, dugnadsånda og kulturtilbodet i Naustdal, seier Rigmor og Ingvald Frøyen og held fram:

– Men då vi fekk vite om tilbodet om eigen parsellhage på eit lite stykke gardsjord, og sjanse til vedhogst samt lakserett, blei dette midt i blinken. Vi trur også dette vil gjere feltet endå meir attraktivt.


Sjå også Frode Fimland sin praktfulle video frå Naustdal

https://www.youtube.com/watch?v=oAXCtlPc8mY

Redaksjonen i Firda har ingen rolle i produksjonen av dette innholdet