Gå til sidens hovedinnhold

Vis meg pengane, Bjørlo og Venstre!

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

«Kystvegen skal byggast!» Skriv Venstre-politiker Alfred Bjørlo med fleire i eit leserinnlegg nylig publisert i fleire aviser. Dei er enormt glade over å ha sikra ei reell startløyiving til det viktige vegprosjektet Svelgen-Indrehus, som vert omtala som intet mindre enn starten på ei ny tidsrekning for vår region.

Eg er 100 % einige med dei i det. Problemet er berre at Venstre og samarbeidspartnarane deira i Vestland ikkje har sikra prosjektet, dei har knapt nok framskynda det. I praksis er det dei vedtar ei oppstartsløyving på 5 millioner i 2023. Knapt nok til å køyre frem anleggsmaskinene, som eg høyrte nokon i bransjen nevne. Hadde det berre vore på plass penger til fortsettelsen er det jo greit nok, men ikkje ein gong dei 45 millionane dei viser til i 2024 er finansierte- langt mindre dei tilsvarande beløpa i kommande år etter det som er nødvendige for å få vegen på plass.

Eg trur alle partia har eit ønske om å få Svelgen-Indrehus og Kystvegen på plass. Men då må ein finne pengane, ikkje berre flytte om på tall. Vestland Høgre lanserte allerede for fleire veker sidan at vi i vårt budsjett har inne pengar ikkje berre til oppstart av prosjektet - men fullføring. I ei tid med lav rente kombinerer vi auka inntekter med krav til innsparing, og meiner dermed at det er forsvarleg å auke låneopptaket. I ei krevande tid treng vi aktivitet, arbeid og vilkår som gjer at både næringsdrivande og andre skal kunne bidra til vekst i regionen vår.

Svelgen-Indrehus var det høgast prioriterte samferdselsprosjektet frå Sogn og Fjordane, og eg er svært glad for at Vestland Høgre anerkjenner denne prioriteringa. No håper eg dei andre partia gjer det samme.

Les også

Vil bruke krisepengar på å ruste opp fylkesveg 57

Les også

Ferjene på E39 bør utviklast – ikkje avviklast!

Les også

Ut av Vestland!

Kommentarer til denne saken