Gå til sidens hovedinnhold

Virke: Vestland blir feriefavoritten i 2021

Ei ny undersøking frå Virke Reiseliv viser at Vestland er feriefavoritt for norske turistar i 2021.

Astrid Bergmål, leiar for Virke Reiseliv, trur årsaka til at mange vil feriere i Vestland, er at ein finn både fjord, fjell, brear, bygder og byar i fylket. Ho nemner kjende stader som Hardanger, Sognefjorden, Voss og Bergen, skriv Stavanger Aftenblad.

Ifølge undersøkinga til Virke hentar nesten seks av ti av dei som er spurde, inspirasjon og anbefalingar frå familie, venner og kjende. Det ser difor ut til at mange som reiste i Vestland i fjor, har anbefalt destinasjonen til venner og kjende. Undersøkinga viser òg at folk vil ha aktivitetar på ferien, som å ut og gå, ete godt og oppleve noko urnorsk, skriv Aftenbladet.

Kommentarer til denne saken