Vinterferien: – Det blir uvanleg uroleg vêr

DÅRLEGE NYHEITER: Stig-Arild Fagerli, meteorolog hos StormGeo har ikkje så mange gode nyheiter å kome med for alle som startar vinterferien fredag.

DÅRLEGE NYHEITER: Stig-Arild Fagerli, meteorolog hos StormGeo har ikkje så mange gode nyheiter å kome med for alle som startar vinterferien fredag. Foto:

Meteorologen har ikkje mykje godt nytt å melde, men han har eitt stalltips for vinterferien.

DEL

– Kjem du deg høgt til fjells i løpet av dei første dagane i neste veke, kan du finne snø og ikkje så mykje vind.

I andre halvdel av neste veke blir det derimot ein del vind, og då er det kanskje ikkje like triveleg å vere i høgda.

Det seier Stig-Arild Fagerli, meteorolog hos StormGeo.

Trasig vêr i vente

Glopparen har ikkje så mykje gode nyheiter å kome med for alle som startar vinterferien i Sogn og Fjordane fredag.

– Det startar veldig uroleg. Det blir ein kjip start. Det blir greitt fredag og laurdag, men i helga kjem vinden til å auke på og det blir endå meir nedbør.

Vi kan også vente oss ein del sterke vindkast innover land. Det er sendt ut gult farevarsel.

– Det fortel oss at det vil bli litt uvêr og litt trasig vêr. Slik går det slag i slag framover, seier Fagerli.

Onsdag beste dagen

Søndag og måndag og tysdag neste veke kan vi i tillegg til regnet, også rekne med tore og hagl.

Vinterferien vil stort sett bestå av bygevêr, og det meste kjem som regn.

Den beste dagen i løpet av vinterferien blir truleg onsdag. Då blir det litt kjøligare og vinden roar seg.

Torsdag får vi ei ny runde med nedbør og kuling på lysten. Neste helg er heller ikkje mykje å skryte av.

– Vinterferien byr på uvanleg uroleg vêr, seier Fagerli.

Artikkeltags