Hydro, Eviny og Zephyr satsar i fellesskap på eit stort vindkraftprosjekt mellom Høyanger og Sunnfjord. Kva tenkjer politikarane om dette ti månadar før kommunevalet? Er ein nedbygd fjellheim verdt 35 millionar kroner i året i skatteinntekter? Politikarane får saka på sitt bord i året som kjem.

– Vi trur at mange som ikkje har så sterke meiningar ser fordelane med vindkraftutbygginga
– Vi må vite kva vi får att
Anne Lilleaasen toppar høgrelista, og er partiet sin ordførarkandidat. Ho registrerer at det er delte meiningar om saka både i samfunnet og Høgre.
– Eg har ikkje gjort meg opp ei endeleg meining enno, vindkraftsaka er enno ikkje debattert i partiet eller kommunestyret, og eg veit ikkje korleis avstemminga i det nye kommunestyret kjem til å sjå ut, seier Lilleaasen.
Eit ja til 50 turbinar i fjellheimen mellom Sunnfjord og Høyanger betyr 45 millionar kroner i skatteinntekter til dei to kommunane kvart år, midlar som kjem vel med i Sunnfjord si skrapa kommunekasse. Sunnfjord kjem til å sitje att med om lag 35 millionar kroner i skatteinntekter årleg.
– Eg skjønnar at det for grunneigarane kan vere god butikk med vindkraftutbygging, eg veit ikkje om dei er kontakta i høve det nye konseptet enno, seier ho.
– Kokar dette dilemmaet ned til at det er eit spørsmål om pengar?
– Det blir litt for enkelt, vi må vite kva vi får att, seier Lilleaasen. Ho er opptatt av at lokalsamfunna skal få det dei blir lova ved ei eventuell vindkraftutbygging, og det må sjåast i samanheng med naturinngrepa.
– Eg har sett Guleslettene før og etter vindkraftutbygginga, påpeikar ordførarkandidaten.
– Må vekte fordelar og ulemper
Ordførar Jenny Følling frå Senterpartiet vil ikkje seie så mykje om vindkraftsaka før ho har sett søknaden.
– Vi må skaffe oss informasjon om prosjektet først, og så lyt vi behandle saka på vanleg måte og vekte fordelar og ulemper, seier Følling.
Ho fortel at saka er så fersk at den enno ikkje er diskutert.
– Eg kan ikkje uttale meg om saka enno, det er veldig vanskeleg når ein ikkje veit så mykje, seier ho.
Ap har døra på gløtt
Leiar i Sunnfjord Arbeiderparti og ordførarkandidat i komande kommuneval, Henrik Nordal, er opptatt av at det må byggast ut meir fornybar energi for å sikre landet krafta vi treng.
– Norge går mot kraftunderskot, og vi må ta ein diskusjon om korleis ein skal auke kraftproduksjonen, om det blir meir vasskraft eller vindkraft eller begge deler. Når søknaden om utbygging kjem, vil vi ha eit medlemsmøte i Ap, og ta ein brei debatt. Det er mange omsyn å ta, men Ap er eit parti som er opptatt av å bruke kraft til auka sysselsetting. Å få produsert meir fornybar kraft, å få jamne kraftprisar i heile landet og betre overføringskapasiteten vil kreve meir utbygging i tillegg til betre styring av den straumen vi brukar, seier Nordal.
– Betyr dette at du er positiv til dette vindkraftutbyggingsprosjektet?
– Det er mykje vi ikkje veit om dette prosjektet, men vår overordna ambisjon er å auke den fornybare kraftproduksjonen, påpeikar Nordal.
– 45 millionar kroner ekstra i året hadde vel også kome godt med i Sunnfjord?
– Kommunen går også krevjande tider i møte i åra framover, mellom anna innanfor helsesektoren, så det er klart at ekstra midlar hadde vore kjærkome, legg han til.

Kritisk til planar om 50 vindturbinar i Høyangerfjella: – Erfaringane viser at det ikkje alltid blir som førespegla
