NVE-analyse: Motstand kan føre til stans i vindkraftutbygginga

Av

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) skriv i ein langsiktige analyse at det grunna folkeleg motstand er uvisst kor mykje vindkraftutbygging vi vil få.

DEL

– Med fallande kostnader for vindkraft blir det lønnsamt å bygge ut vindkraft fleire stader i Noreg. Motstanden mot vindkraft har likevel auka, og det er usikkert kor mykje utbygging av vindkraft vi vil få i tida framover, skriv NVE i analysen, ifølgje Klassekampen.

Direktoratet legg i analysen fram tre scenario for vindkraftutbygging i Noreg. I scenarioet «låg utbygging» er det tenkte bakteppet at politikarane ikkje gir nokon nye vindkonsesjonar fram til 2030, og at NVEs forslag til nasjonal rammeplan blir forkasta.

Men sjølv med stans i nye konsesjonar, ventar NVE at det vil bli meir vindkraft enn i dag – ein auke til 19 terrawatttimar (TWh) i 2025.

– Sjølv i det låge scenarioet vil kapasiteten auke samanlikna med i dag, seier NVE-direktør Ketil Lund til avisa.

I det høgaste scenarioet ventar NVE at det blir bygt ut slik at produksjonen vil vere på 38 TWh i 2040.

NVE har peikt ut 13 område som direktoratet meiner er dei mest eigna for vindkraft på land i Noreg. 98 kommunar har areal innanfor dei 13 områda. Olje- og energidepartementet har fått over 5.000 høyringssvar i saka.

Fleire saker om vindkraft:

Artikkeltags