Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
I over 100 år har eit overskot på fornybar kraft sikra industriutvikling i Noreg. Sidan skipinga av Norsk Hydro i 1905 har tilgang til rikeleg fornybar kraft til konkurransedyktig pris vore den viktigaste føresetnaden for industrireising i landet vårt, og i denne regionen. No styrer Noreg mot eit kraftunderskot allereie i 2027. Forbruket av elektrisitet aukar, produksjonen klarer ikkje å henge med. Det stiller oss overfor eit vegval: Vil vi utvikle industrien vår, må vi også utvikle krafta industrien treng.
Knapt nokon region i Noreg har meir å tene på at vi tek vare på kraftoverskotet enn Høyanger og Sunnfjord. I denne regionen har vi over tid bygd opp verdsleiande kompetanse i industriar som krev monalege mengder kraft. Hydro sitt aluminiumsverk i Høyanger brukar åleine 1 TWh energi.
Industrien i regionen investerer no som aldri før. Hydro har bestemt seg for å gjere Høyanger til spydspiss i satsinga på resirkulering av aluminium. Resirkuleringspiloten er ei satsing på 200 millionar kroner med 20–25 arbeidsplassar som vil sette regionen på verdskartet. No modnar Hydro fram enda ein ny pilot; grøn hydrogenproduksjon som mogleggjer nær nullkarbon aluminium. Det er ei investering som er avhengig av at Enova er med på laget. Bergen Carbon Solutions har varsla investering på 300 millionar kroner i nanofiberproduksjon i Høyanger.
Ambisjonane Hydro og andre industriaktørar har for vidareutvikling og nyetablering blir likevel berre verkelegheit om krafta som trengst er tilgjengeleg, til ein pris industrien kan betale. Den europeiske energipriskrisa understrekar alvoret i situasjonen. Halvparten av aluminiumsproduksjonen i EU er stengd ned sidan oktober 2021 som følge av høge kraftprisar. I Noreg har Hydro lange kraftkontraktar fram mot 2030 – inkludert store volum frå vindkraft. Det er med å sikre industrien vår. Vindkraft på land står no for om lag 25 prosent av kraftforbruket til Hydro. Utan dei lange kontraktane frå vindkraft, ville ikkje Hydro kunne halde vår verksemd gåande gjennom priskrisa.
Somme påstår at vindkraft ikkje kan nyttast til industriføremål fordi krafta ikkje er «balansert.» Det stemmer ikkje. Hydro har i fleire år kjøpt store kraftvolum frå vindkraftprodusentar. Det gjer andre store industriaktørar òg. Vindkraft passar industrien godt. Årsaka er at vindkrafta kan balanserast med vasskraft – på ein måte som gjer at kostnaden vert lågare for industrien som kraftkjøpar.
Vasskraft utgjer om lag 90 % av kraftproduksjonen i Noreg. Når ein vindkraftprodusent sel ei lang kraftkontrakt til Hydro, eller andre industriaktørar, inngår dei samstundes balanseavtaler med vasskraftprodusentane for å sikre jamn forsyning av kraft. Det tener alle på: Vasskraftprodusentane kan spare meir av vatnet til når behovet er størst. Industrien kan få ein pris som speglar dei låge produksjonskostnadane frå vindkraft. Dette gjer at Noreg er blant landa i verda der det høver absolutt best å ta i bruk vindressursane.
Kraftutvikling skapar alltid debatt. Det veit vi at dette prosjektet også vil gjere.
Når vi no ønskjer den diskusjonen velkomen, er det av tre grunnar. For det første: Industrien har behov for krafta. Ei rekkje av Hydro sine langsiktige kraftkontraktar går ut i 2030. Hydro må teikne nye langsiktige avtalar for store volum – opp mot 4 TWh fram til 2030 berre for å halde produksjonen på same nivå som i dag. Då nyttar det ikkje å vente på havvind som framleis ligg fleire år fram i tid, og enno har ein kostnad som er for høg for industrien. Vasskraft skal vi modernisere, og energieffektivisering jobbar vi med kvar dag. Men det er ikkje i nærleiken av nok for å sikre vidare drift – langt mindre nye investeringar. Vi trur det store fleirtalet forstår at om vi vil ha industri og industriutvikling, så må vi også akseptere ny kraft.
For det andre: Vi som ønskjer å utvikle dette prosjektet, er industrielle aktørar som anten er offentleg eigde, som Eviny og Zephyr, eller har stor offentleg eigarskap, som Hydro. Zephyr blir med i ein utviklingsfase, Hydro og Eviny skal vere langsiktige eigarar med 50 prosent kvar. Dette er eit prosjekt der føremålet er å sikre industrien, og der eigarskapet syt for at verdiane blir att lokalt gjennom offentleg eigarskap, betydelege skatteinntekter på minst 45 millionar kroner årleg til kommunane og ringverknader for industrien i regionen. Dette prosjektet vil få dei eigarane som no er med, og den utforminga vi har presentert.
For det tredje: Vi ser på å utvikle vindkraft i eit område der det allereie er betydeleg kraftproduksjon, og der vi er nærme kraftnett og infrastruktur. Fleire vatn i planområdet er bygd ut, og det går vegar og kraftlinjer i og kring området. No ønsker vi å gå i gang med omfattande utgreiingar for å få alle fakta på bordet når det gjeld mellom anna miljøtilstand, biologisk mangfald og friluftsinteresser.
Hydro og Eviny har djupe røter i Sunnfjord og Høyanger. Alle prosjekt vi gjer i desse samfunna – anten det er å bygge ny industri eller ny kraft er avhengig av støtte frå kommunane. I den prosessen vi no inviterer til er det kommunane som sit i førarsetet. Vi bygger berre om kommunane gjev støtte til det.
I dei neste vekene, månadane og åra kjem vi til å invitere til brei dialog med lokalsamfunna. Vi ventar debatt og motstand. Men vi trur også at stadig fleire vil sjå dei moglegheitene vi har til å utvikle industrien i regionen vår. Og at enda fleire ser at det krevst meir kraft for å sikre industrien vi lever av.

Samlar krefter til demonstrasjon: – Skulle eigentleg nyte førjulstida

– Vi trur at mange som ikkje har så sterke meiningar ser fordelane med vindkraftutbygginga

Ordføraren om vindkraftutbygging: – Eit klart dilemma
