Eg heiar på Hydro, som lagar verdas reinaste aluminium i Høyanger og andre lokalsamfunn.

Eg heiar også på Hydro si satsing på resirkulering av aluminium i Høyanger.

Olav Osvoll, konserndirektør Fornybar i Eviny og Olav Sæter, leder for primærproduksjon i Hydro, skriv i Firda at vindkraft sikrar industrien.

Der er vi usamde, sjølv om vindkraft kan brukast dersom det er balansekraft til stades.

Les også

– Vindkraft sikrar industrien

Kva er så alternativa til vindkraft? Berre ved å ta grep i forhold til eksport og elektrifisering av sokkelen kunne vi spare ca. 40 twh.

For det første:

Osvoll og Sæter burde sett spørsmålsteikn ved den store krafteksporten, som spesielt dei 2 siste kablane til England og Tyskland har ført med seg. Dette trugar norsk industri. Hittil i år er det eksportert rekordhøge 23,5 twh ifølge SSB. Netto eksport utgjer 10 % av samla norsk produksjon.

For det andre:

Osvoll og Sæter burde sette søkelyset på kraftprisane, som er i ferd med å føre til industridød. Dei 2 siste kablane importerer skyhøge kraftprisar til Norge. Nyleg stengde Elkem ned eit silisiumverk pga. av at det lønte seg å selje krafta i staden for å produsere. Som Osvoll og Sæter heilt rett skriv «I over 100 år har eit overskot på fornybar kraft sikra industriutvikling i Noreg. Sidan skipinga av Norsk Hydro i 1905 har tilgang til rikeleg fornybar kraft til konkurransedyktig pris vore den viktigaste føresetnaden for industrireising i landet vårt, og i denne regionen.» Dette konkurransefortrinnet går no tapt dersom ikkje industrien krev norske prisar på krafta, dvs. 35-50 øre.

Stein Lier Hansen seier til Klassekampen i går om Elkem og nedstenging: «– Det er dette vi har frykta. Vi har dessverre venta at dette kom til å skje, seier Stein Lier-Hansen, direktør i Norsk Industri, arbeidsgivarorganisasjonen til norske industribedrifter.

Han meiner de stengde omnane er et varsku om kor fastlandsindustrien er på veg viss ikkje politikarane får kontroll over kraftprisen.

– Når prisane blir så høge at du ikkje kan forsvare produksjon, er det dette som skjer.

For det tredje:

Osvoll og Sæter burde setje spørsmålsteikn ved elektrifiseringa av sokkelen, som har auka forbruket av elektrisk kraft med 20 %, det er sløsing. Her forsvinn om lag like mykje kraft som Hydro brukar i Norge.

Hydro tek mål av seg til å tene pengar på vindkraftproduksjon saman med Zephyr og Eviny. Greitt nok det, men ikkje bruk aluminiumsverket og arbeidsplassane i Høyanger som brekkstong.