Vindkraftdebatten er full av feilaktige påstandar, hevdar Johnny Hansen, prosjektleiar i Zephyr. Det er forståeleg at han ikkje kjem med faktiske døme på at hans motstandarar vitnar vrangt i slike saker. Den oppgåva ville vere tung.

Hansen er likevel freidig nok til å hevde at vindkraftverk kjem ikkje opp før alle sider av saka er grundig greidde ut, og at skadane på livet i naturen er små. Miljødirektoratet leverte for litt sidan ein rapport etter å ha studert konsekvensane av 24 konsesjonar. Dei delte konsekvensane i fire klassar: 1. Om utbygginga hadde redusert inngrepsfri natur. 2. Om verna eller truga natur er øydelagd. 3. Om utbygginga deler opp leveområde for truga artar. Og 4. Om utbygginga ved tap av skog og myr gjev karbonutslepp som kan vere større enn klimagevinsten ved kraftverket. Stortinget har vedteke i lovs form at artar og økosystem skal dette samfunnet ta vare på. Naturtypane der dei finst og med den variasjonen av artar som dei har. Artane skal få leve der dei finst, og i livskraftige stammar.

Fem kraftverk fell utanfor alle fire klassane, meiner direktoratet. 17 hadde så mykje som tre brot, og to fekk ja på alle kategoriane. 19 av 24 hadde kvar tre brot eller fleire. Truga artar og naturtypar vert kverka, i stort omfang, under dei svingande knivane, over store vidder. Og Johnny Hansen hevdar at miljøtrykket er svært lågt.

Både Guleslettene, Okla, Bemangerfjellet og Lutelandet ligg midt i hovudleia for enorme fugleflokkar på trekk. Ingen stad var dette undersøkt før vedtak. På Stadlandet (Okla) la NVE og Olje- og energidepartementet vekt på eit amatørarbeid som leverte feil opplysningar om myrane i området og utan nokon påliteleg grunn skreiv ned verdien som ein kapabel fagmann hadde sett på arealet. Aldri vedtak før alle sider er grundig greidd ut, seier Hansen.

Ikkje noko herjing i natur har på så kort tid øydelagt så store inngrepsfrie areal som vindkraftutbygginga. Konsekvensane av global oppvarming er enorme for natur og dyreliv, seier Hansen, og har gjort sitt for å komme klimaskadane i forkjøpet.

Dersom det var eit snev av røyndom bak hans påstand om at vindkraft hemmar utslepp av gassar som gjer det heitare over oss, burde vi sjå det på tala. Noreg og har hatt store kraftoverskot i årevis, og utsleppa i fossildampen er om lag som før, litt opp og litt ned.

Men folket har skjønt kva skadeverket går ut på. Ei så sterk nasjonal motstandskraft har knapt nokon sett etter krigen. Det gode med Hansen er at han ber ved til bålet.