Vest politidistrikt har fått melding om at ein stor varebil vart tatt av eit vindkast og velta over på sida.

Det skjedde på Kvalheimsfjellet på fylkesveg 5716 no i ettermiddag.

Personen som køyrde bilen er ikkje komme til skade. Det er klokka 17.55 bilbergar på veg for å fjerne bilen.