Vindkast på 38 m/s på Stad no

MYKJE VIND: Kartet viser vindstyrken, der fargen indikerer vindstyrke. Oransje betyr sterk kuling (17,2-20,8 m/s), medan raudt betyr liten storm (20,8-24,5 m/s) og den meir lilla-aktige raudfargen betyr full storm (24,5-28,5 m/s). Kartet viser middelvind og ikkje styrken i vindkast.

MYKJE VIND: Kartet viser vindstyrken, der fargen indikerer vindstyrke. Oransje betyr sterk kuling (17,2-20,8 m/s), medan raudt betyr liten storm (20,8-24,5 m/s) og den meir lilla-aktige raudfargen betyr full storm (24,5-28,5 m/s). Kartet viser middelvind og ikkje styrken i vindkast. Foto:

Vinden er no på det sterkaste. På Stad bles det verst. Utover kvelden vil det roe seg.

DEL

– På Stad er det oppe i sterk storm no. Det kan komme opp i orkan i dag, seier meteorolog Magnus Haukeland på Meteorologisk institutt.

Denne fredagen og i dagane framover melder meteorologane alt som gale er, regn, snø, sludd, kraftig vind, kanskje også torevêr.

Vindmessig toppar det seg i timane utover fredagsettermiddagen, med vindkast frå sørvest på 27 til 33 m/s. Det er verst på kysten og i fjellet.

I skrivande stund måler vindkasta 38 m/s på Stad og 35 m/s ved Myklebustfjellet i Bremanger.

Ferjesambandet Leirvåg og Sløvik er innstilt på grunn av vêret, og fleire fjellovergangar er stengde på grunn av kraftig snøfokk.

Utover helga er det meldt sludd og store mengder snø over 500 meter. Det kan lokalt komme 30–50 centimeter snø over høgdegrensa mellom laurdag og søndag morgon.

Sterk vind er også å vente på laurdag. På søndag vil vinden roe seg til liten kuling, frå nordvest. Denne vindretninga vil også sørge for kjøligare temperaturar utover søndagen, som igjen vil sørge for snø mange stader.

– Det blir mest nedbør i nordlege delar av fylket, seier Haukeland.

Artikkeltags