Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Eg viser her til den informasjonen som i form av ein illustrasjon – ein figur – vart framlagd for Sunnfjord kommunestyre, i deira første styremøte i år.
På denne figuren er det vist med «boblar» på eit luftfoto av Førde sentrum kva for område som – etter figurforfattaren si meining – er avhengige av Førdepakken-tiltak, for vidare utbygging.
Det denne illustrasjonen viser er heilt feil. Ingen av desse områda som «boblene» markerer, har nokon som helst nytte av Førdepakken, for sine respektive utbyggingstiltak (med eitt eiaste unntak – boble nr. 18). Dette har eg gjort greie for i eit tidlegare innlegg i papiravisa til Firda (28.nov.2020) – «Fakta om Førdepakken», – eit innlegg som elles har vore publisert over lang tid i Firda si nettavis.
Så spesifikt om sentrum sør: Raude strekar på figuren skal vise dei nye vegane som Førdepakken legg opp til. Men her manglar raud strek gjennom Fjellvegen, der Førdepakken sin plan er ei storstila oppgradering av noverande veg. Så her – i sentrum sør – er ikkje Førdepakken berre til unytte, men til overmål til skade og direkte ulempe for ei god bydelsutvikling.
Når det er slik informasjon våre folkevalde vert fora med, kan kanskje dette vere noko av forklaringa til at dei gjere så dårlege vegval. Som til dømes det å bygge to veldig kostbare og miljøøydeleggande bruer i sentrum, som det ikkje er behov for.
Fakta om brua over Løken

Aksjonerer mot Førdepakken: – Dei har putta gjennomgangstrafikk og fleire bilar i sentrum

Skal ikkje politikarar ta balanserte avgjerder?

Veljarane avgjorde bruvalet
Brua over elva
Kommentarer til denne saken