Årsaka til dei to artene har hamna på raudlista er at forskarane i Artsdatabanken i Trondheim har registrert ein tilbakegang. Raudlista er ei oversikt over arter som står i fare for å bli utrydda pr. 2021. Sist lista vart oppdatert var i 2015.
Artsdatabanken er ein nasjonal kunnskapsbank for biologisk mangfald, og ekspertar og fagfolk frå 27 institusjonar deltek i det omfattande arbeidet. Dei meiner framleis at det er arealinngrep som påverkar artane mest.
Den store endringa er likevel at mange arter blir trua av klimaendringar, Det er ei ganske dramatisk endring sidan sist, seier Snorre Henriksen, seniorrådgjevar i Artsdatabanken i Trondheim til NRK Nyheter.
Varmare klima
Oppdateringa bidreg til at fleire arter byter kategori. Nokre blir rekna som meir trua no enn tidlegare, medan det for ein del står betre til. Ei årsak til det kan vere at nokre arter trivst betre i varmare klima.
Det er blant anna 14 marine fiskearter på den nye raudlista, og halvparten av desse er hai og skater. Dei mest utsette fiskeartene er såkalla bruskfisk, haiar, håer, skater, rokker og havmus, fisk som har eit skjelett av brusk is staden for bein.
– Vi har sett på alle dei 297 ulike marine fiskeartene som finst i norske farvatn. Berre 39 av artene er brusfisk, likevel er sju av dei 14 artene som hamna på raudlista, bruskfisk, seier senioringeniør Rupert Wienerroither til Havforskingsinstituttet sine nettsider.
Han har leidd gruppa som har vurdert marin fisk, altså fisk frå havet.
Årsaka til at haiar og skater er så sårbare, er at dei blir seint kjønnsmodne og dei får få avkom. Ifølgje Wienerroither får pigghåane i norske farvatn sine første avkom når dei er 17 år.
Tregare reproduksjon
Hos ein del fiskebestandar kan reproduksjonen svinge stort frå år til år, men hos bruksfiskane går det i eit heilt anna tempo hos bruksfiskane. Dermed kan det gå mange år før ein bestand tek seg opp igjen, om han har gått langt nok ned.
– At bruskfiskane er sårbare, er ikkje unikt for Noreg. Vi ser same tendensen internasjonalt, det gjeld for alle bruskfiskar, for å seie det litt enkelt, seie forskaren.
Pigghåen står som eit godt eksempel på at det nyttar med tiltak. På raudlista i 2010 var pigghåen karakterisert som kritisk trua, og i 2011 vart pigghåen totalfreda.
– Fire år etter fangstforbodet i 2015 kunne vi justere pigghåen eit hakk opp, til sterkt trua. No i 2021 er arten sårbar. Så det går rett veg, slår Rupert Wienerroither fast.
Hummaren er trua
Det er også klart at hummaren er på lista over trua arter.
Sist raudlista vart oppdatert i 2015 vart den norske hummaren rekna som ein livskraftig bestand. No er han altså vurdert som sårbar.
– Det skuldast i hovudsak at vi har justert på generasjonstida for hummar, seier forskar ved Havforskingsinstituttet, Alf Ring Kleiven. Han er ansvarleg for kunnskapsgrunnlaget den nye vurderinga byggjer på, melder instituttet på nettsidene sine.
I 2015 var generasjonstida vurdert til ti år, medan generasjonstida i dag blir vurdert til 18 år. Når ei art skal vurderast for raudlista, skal forskarane sjå på utviklinga gjennom dei tre siste generasjonane. For hummar har dette tidsspennet auka frå 30 til 54 år.
I 2021 ser forskarane på bestandsutviklinga over fleire tiår enn dei gjorde i 2015.
– I faggrunnlaget estimerer vi at hummarbestanden er redusert med rundt 30 prosent nasjonalt i dei siste tre generasjonane, seier Kleiven.
Han legg til at gjennom langtidsovervaking av hummar har dei registrert at bestanden er på veg ned, og at overfiske er ein alvorleg trussel mot ein redusert bestand.
(©NPK)