Halbrend jobbar i Jussformidlingen. Ei av oppgåvene er å formidle aktuelle rettspolitiske tema. Kronikken hennar tok for seg at regelen om samordning av dagpengar og gradert uføretrygd i folketrygdlova sin paragraf 4–25 er i strid med funksjonsnedsette sitt diskrimineringsvern:
Eller som ho sjølv skreiv: Lova diskriminerer uføre, og lovgivar veit om det.
– Det var artig at den fekk så mykje merksemd. Det er ein av fordelane med å publisere saker på vegner av Jussformidlingen: Ein blir lagt merke til, og får sette fokus på eit viktig tema, seier Halbrend.
Tidlegare i haust hadde ho ein kronikk på trykk i Frifagbevegelse.no. Den fanga merksemda til Fredrik Solvang.
– Han ringde i samband med NRK sin debatt om same tema 15. november. Han hadde lest artikkelen og ville hente inn litt bakgrunnsinformasjon om regelen og vite korleis vi hadde rekna ut tala vi hadde i saka, seier ho.
Ei utdanning som opnar dører
Halbrend flytta til Lillehammer i 2017, for å ta ein bachelor i rettsvitskap på Høgskulen i Innlandet. Ho tok også årsstudium kommunikasjonsrådgjevar. Så flytta ho til Bergen, for å byrje på det toårige mastergradsstudiet i juss på Universitetet i Bergen i 2021.
– Årsstudium i kommunikasjonsrådgiving ser ut til å ha betalt seg godt?
– Det kom godt med når eg skulle kommunisere ut rettspolitiske tema. Eg kjem truleg til å jobbe rettspolitisk seinare i livet, så det er greitt å ha kunnskap om og erfaring med å få fram bodskap, seier ho.
– Var det advokat du drøymde om å bli som barn?
– Nei, men eg har sagt sidan barneskulen at eg skulle ha ein kontorjobb. Slik sett er eg i rute, seier ho og ler.
Opphavleg såg ho jussutdanning som ei god allround-utdanning.
– Ei slags studiespesialisering, på eit høgare nivå. Det er ei utdanning som held alle dører opne.
Til sommaren skulle ho vore ferdig utdanna. I staden blir det til jul, grunna at ho valte å jobbe eit år i Jussformidlingen. Det gir 30 studiepoeng færre enn å studere fulltid. Difor må ho ta igjen eit halvt år når ho er ferdig i jobben i mars 2023.
– Kvifor ville du «utsette» utdanningsløpet ditt?
– Det er veldig givande å hjelpe andre menneske, som kanskje ikkje ville nådd fram i systemet på eiga hand. Og eg får eit godt innblikk i korleis det blir å jobbe som advokat seinare.
Halbrend fortel at dette i stor grad er frivillig arbeid.
– Du får litt løn, men mindre enn eg ville fått utbetalt i lån og stipend. Det er det verdt. Det er ei god investering i eiga framtid.
Ung kvinne – gammal sjel
Jobben tek mykje av tida hennar no. Men ho finn likevel tid til å halde seg sosial og drive med hobbyar.
– Når eg har fri studerer eg litt, slik at eg får stipend. Elles prøver eg å vere sosial med venner, og få inn litt fjellturar.
Ein av tinga ho også set av tid til er baking. Meir spesifikt surdeigsbrød. Ein tidskrevjande hobby.
– Eg er veldig glad i å bake, og eg bakar mykje brød, seier ho og smiler.
– Det er ein hobby eg fekk under koronaen. Det er veldig kjekt å drive med, og gir meg ein god pause frå det eg elles driv med.
Ho beskriv prosessen.
– Eg har fått ein surdeigsstartar av ein kollega. Om morgonen byrjar eg med å røre den saman med litt mjøl, som skal heve ei times tid, seier ho.
Når ho kjem heim frå jobb set ho deigen: Så skal den stå i kjøleskapet over natta.
– Neste morgon er brødet klar til å steikast, noko som tek ein time, forklarar ho.
Både heving og steiking medfører altså ho må stå opp ekstra tidleg.
– Eg er ein morgonfugl, så det går fint, seier ho og ler.
Ho seier ho også har ein hobby til.
– Eg er veldig glad i strikking, hekling og handarbeid. Bestemødrene mine på begge sider har vore flink til å lære meg opp frå ung alder.
– Du står tidleg opp, driv med handarbeid og baking, og skal bli jurist. Du høyrast ut som ei gamal sjel?
– Det får eg veldig mange kommentar på, at folk trur eg er eldre enn kva eg er. Så det har du nok rett i, seier ho og ler.
Du får ikkje alltid rett, sjølv om du har rett
I Jussformidlingen hjelper dei menneske som hamnar mellom to stolar: Dei er ikkje kvalifisert for fri rettshjelp, og har ikkje råd til advokat.
– Dei treng hjelp for å nå fram med sakene sine, seier ho.
Ho seier systemet i blant slår urettferdig ut. Spesielt for dei som har minst ressursar til å ta kampen.
– Verda er dessverre slik at sjølv om ein klient har rett, så betyr ikkje det automatisk at dei får rett. Det skjer først når nokon går inn og tek saka og hjelp dei med å fremme synspunkta deira.
Halbrend fortel at møta med dei som kjempar mot eit tidvis urettvist system iblant går inn på ho.
– Eg er av den følsame typen. Såklart blir ein påverka og provosert når systemet ikkje fungerer. Ein må berre lære seg at dette er ein jobb, som ein gjer så godt ein kan.
Engasjert
– Du verkar å ha eit stort samfunnsengasjement?
– Eg ville ikkje kalla det stort, men eg har alltid hatt eit samfunnsengasjement.
Ho fortel at det byrja med ungdomsrådet i Naustdal og at ho engasjerte seg på sida av studia på Lillehammer.
– Blant anna som studentmedlem i klagenemnda til Høgskulen i Innlandet. Eg var og styremedlem i Arbeidslivsdagkomiteen, seier ho.
I tillegg jobba ho som kollokvierettleiar og opptaksmedarbeidar.
–No vel eg å jobbe fulltid, i tillegg til studia, seier ho.
– Og om eit godt år så er du ferdig utdanna og jobbar i Bergen?
– Vi får sjå. Eg har ingen plan per no. Det blir nok jobben som bestemmer kvar eg ender opp. .
Ho fortel at ho har prøvd ulike sider av det juridiske yrket, utan å lande på ei retning enno.
– Eg må nesten berre sjå kva jobbar som er tilgjengeleg når eg skal byrje å søke.

Stoppa i all hemmelegheit ut ein varulv

Frå bilbransjen til bank – via eit mellomspel
