Hittil i år har over 300.000 oppdrettslaks og -aure rømt frå lokalitetar på norskekysten, skriv Intrafish. Frode Reppe er dagleg leiar i rådgjevingsselskapet Triton Kystfakta og meiner framstillinga av lakserømmingar er unyansert.
– I den offentlege debatten er ei rømming ei rømming. Når ein skal sjå på rømmingstilfella, må det gjerast ei trusselvurdering om kor stor sjanse det er for at den rømte fisken overlever og kor stor sjanse det er for at han går opp i elvane, seier han.
Jon Arne Grøttum, direktør for havbruk i Sjømat Norge, meiner storparten av den rømte laksen ikkje vil vere ein trussel for villaksen.
– Ser vil på tala, er 217.000 av dei 300.000 rømte fiskane settefisk. Det er grunn til å tru at settefisken ikkje vil overleve og vere nokon fare for villaksen. Dermed speglar ikkje 300.000 rømte oppdrettslaks den negative effekten av rømt laks, seier han.
Fiskeridirektoratet har no pålagt Slakteriet Brekke miljøovervaking og uttak av rømt laks i 15 laksevassdrag i Sognefjorden for å sikre at rømt laks ikkje skal kome opp i vassdraga i gyteperioden til villaksen. Det er viktig for å ha ei best mogleg oversikt over korleis fisken spreier seg i fjorden, skriv Fiskeridirektoratet på nettsidene sine.