– Gangbrua over Prestfossen har vore undersøkt, og det viser seg at den er i dårlegare teknisk stand enn venta, seier Erling Varlid, prosjektleiar i Førdepakken.

Varlid seier at utskifting av gang- og sykkelbrua ikkje var tema då ein byrja planlegging av Førdepakken i 2011–12.

– Ein tenkte begge bruer var i så godt stand at ein ikkje trong større utbetringar her.

Han seier det var planlagt å nytt rekkverk over gangbrua, som del av Førdepakken.

Forprosjekt – for å sjå moglegheitene

Det går to bruer parallelt over Prestfossen i Anga: Ei bilbru og ein gang- og sykkelbru. Bilbrua, som koplar saman fylkesvegen opp er i veldig god teknisk stand, og skal ikkje gjerast noko med. Bilbrua koplar saman fylkesvegane Vievegen og Angedalsvegen, medan gang- og sykkelbru er eigd av kommunen.

– Seinare undersøkingar viser at gang- og sykkelbrua er i dårlegare stand teknisk enn forventa. Difor vurderer ein no å skifte ut brua med ei ny.

Difor set Vestland fylkeskommune og Sunnfjord kommune i gang eit forprosjekt, i samarbeid med Førdepakken. Det blir starta opp første halvår i 2023.

– Når det er gjennomført, vil ein ha fått kostnadane med å bygge ny på bordet. Så kan fylkeskommunen og Sunnfjord kommune sette seg ned og finne ut korleis ein skal finansiere dette, og kven som skal betale, seier Varlid.

Varlid seier det kostnadsmessig blir ein mindre utgift med ny gang- og sykkelbrua, enn om ein måtte bygge ny bilbru, men at det er for tidleg å seie noko om kva dette vil koste.

– Sjølve prosjekteringa er rekna til 500.000 kroner. Når det er gjort, finn ein ut kva ei ny gang- og sykkelbru over Prestfossen vil koste.

Han seier at per dags dato er det ikkje gjort vedtak om ny gang- og sykkelbru.

Ikkje del av Førdepakken

Varlid understrekar at gangbrua ikkje er ein del av Førdepakken, men at det kan bli aktuelt å gjere dette prosjektet i samband med Førdepakken sine tiltak i Angedalsvegen, men at byggekostnaden ikkje fell på Førdepakken.

Tiltak 15 strekkjer seg frå Førdehuset til Prestfoss-brua (1,4 km), og tiltak 19 frå Prestfoss-brua til Slåtten skule.

Varlid seier det truleg ikkje blir ein oppstart på dette prosjektet i 2023.

– Når vi først skal opp der og jobbe med tiltak 15, og kanskje 19, ønskjer ein å sjå på om det er mogleg å utføre bygginga av gang- og sykkelbru i samband med vår entreprenør sitt arbeid.

Varlid seier dei startar på tiltak 15 i Førdepakken i 2024.

– Om ein då har landa på at ein går for dette prosjektet, så er det mogleg å ta det inn i samband med vår entreprenør sitt arbeid med Angedalsvegen. Og at ein då fører kostnadane over på den parten som skal eige og halde ved like gangbrua i framtida.