Det opplyser Vegvesenet i ei pressemelding. 

– Målet er å utvikle metodar som sikrar betre og meir føreseieleg framkomst og trafikktryggleik, samtidig som vi reduserer klimautslepp og kostnader i drifta av vintervegane, seier Bjørn Laksforsmo, direktør for Drift og vedlikehald i Statens vegvesen.

Saman med riksvegane i Sunnfjord, er også riksvegane i Salten i Nordland plukka ut som testområde. 

Analyserer forholda i fart

Ved hjelp av lasermålarar og avansert bildebehandling, kan saltbilane analysere forholda opp til 50 meter framfor bilen, og dermed tilpasse saltmengda automatisk. Systemet heiter AHEAD og er utvikla av svenske Klimator AB. 

Meir omfattande bruk av vêr- og føredata gjev også entreprenøren eit betre grunnlag for å ta avgjerder om drifta, til dømes om når og korleis det skal saltast og korleis mannskap og utstyr skal disponerast. Denne teknologien heiter Road Status Information (RSI), og er også utvikla av Klimator. 

Drifta blir meir effektiv, men klimautsleppa kan også bli redusert når både salt- og drivstoffbruken går ned. Testresultat frå Sverige viser at saltmengdene kan reduserast med mellom 20 og 30 prosent.

Treårig prosjekt 

Mesta har ansvaret for drifta av riksvegane i dei to testområda, medan Vegvesenet gjev økonomisk støtte til prøveprosjekta for å utvikle løysingar til praktisk bruk. Denne testperioden vil gå over dei tre neste vintersesongane. 

Grunnen til at nettopp Salten og Sunnfjord kommune er valt ut, er fordi områda har variert typografi og vekslande vinterforhold. Samstundes passar testperioden godt med tanke på Mesta sine kontraktar på riksvegane i området, står det i pressemeldinga.

– Det er første gong i verda at denne teknologien blir teken i bruk i vinterdrifta. Smart vinterdrift med teknologi som dette kan gje store gevinstar for både miljø og klima når salt og vinterdriftskøyretøy blir brukt på ein meir effektiv måte, samtidig som ein oppnår ein høg trafikktryggleik for alle som ferdast på vintervegane, seier Ketil Dahl i Mesta.