Vil ha Gaularfjellet stengt lenger om vinteren

BRØYTEKANTAR: Slik såg det ut på Gaularfjellet i mai, med ni meter høge brøytekantar.

BRØYTEKANTAR: Slik såg det ut på Gaularfjellet i mai, med ni meter høge brøytekantar. Foto:

Av

Kvart år skal den vinterstengde vegen over Gaularfjellet brøytast og opnast seinast 2. mai. No er det forslag om stenging frå første snøfall etter 1. desember til 1. juni.

DEL

I år kom det så store snømengder på den populære turistvegen mellom kommunane Sogndal og Sunnfjord at vegmyndigheitene har kome med forslag om at vegen vert stengd ein månad lenger enn vanleg på fast basis, fortel NRK.

– Erfaringa viser at vegen normalt sett er skredutsett til godt ut i mai. Det er ressurskrevjande å frese vegen opp for opning til 2. mai, for deretter å måtte stenge i korte og lengre periodar, seier seksjonssjef Eivind Yttri i Vestland fylkeskommune til NRK.

Om forslaget blir vedteke, kan fylkeskommunen spare rundt 500.000 kroner. Men seksjonsleiaren seier det først og fremst er ønskje om betre tryggleik for trafikantane som gjer at forslaget kjem no.

Gaularfjellet er ein av 18 nasjonale turistvegar, der det har blitt satsa mange pengar på oppgradering av utkikspunkt og turstiar. Reiselivet likar derfor ikkje det nye forslaget.

– Dette er svært uheldig for reiselivsnæringa på begge sider av Gaularfjellet. Næringa har jobba over lang tid for å utvide reiselivssesongane. Kortare sesong på Gaularfjellet gjer området mindre attraktivt, seier spesialrådgjevar Vidar Slettehaug i Sunnfjord Utvikling.

Saka skal til politisk behandling i haust.

Artikkeltags