Gå til sidens hovedinnhold

Vil ha Alfred og Gunhild som toppkandidatar

Alfred Bjørlo vart samrøystes nominert til toppkandidat på Venstre si stortingsliste for Sogn og Fjordane. Gunhild Berge Stang er andrekandidat.

– Bjørlo har stor nasjonal gjennomslagskraft, og er ein kandidat som vil fremje fylket sine interesser med røynsle og innsikt, seier Vestland Venstre i ei pressemelding.

Bjørlo er for tida inne i sin tredje periode som ordførar i Stad (tidlegare Eid kommune). No har nominasjonsnemnda for Sogn og Fjordane i Venstre innstilt han til førstekandidat på stortingslista.

Tidlegare ordførar i Fjaler, Gunhild Berge Stang frå Askvoll, har fått andreplass. Stang har sidan mai i år vore statssekretær i Kulturdepartementet. Stang har også vore vara for Sveinung Rotevatn då han var stortingsrepresentant frå 2013 til 2017.

Tredjeplassen på lista går til fylkesleiar i Unge Venstre, Ole Martini. Også han kjem frå Stad kommune.

Ikkje 100 prosent spikra liste

Innstillinga til nominasjonsnemnda må endeleg stadfestastast av Vestland Venstre. Det skjer i eit nominasjonsmøte i februar 2021.

– Eg meiner vi har fått fram ei svært god liste til stortingsvalet, og vi har ein listetopp i duoen Bjørlo og Stang som begge har vist at dei jobbar for saker som er viktige, og er i stand til å løfte desse fram i Storting og regjering.

Det seier Atle Hamar, leiar av nominasjonsnemnda, som har vore samrøystes i si innstilling.

– Tre av desse ti kandindatane er ungdommar, seier Hamar.

Noverande klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn frå Nordfjordeid stiller til val for Hordaland valkrins, men den lista er ikkje spikra enno.

Her er heile Venstre-lista:

  • 1. Alfred Bjørlo (48), Stad
  • 2. Gunhild Berge Stang (46), Askvoll
  • 3. Ole Martini (21), Unge Venstre/Stad
  • 4. Trude Risnes (49), Sogndal
  • 5. Dina Bovim (18), Unge Venstre/Kinn
  • 6. Torstein Tvinnereim (50), Stryn
  • 7. Elias Slåtten (19), Unge Venstre/Sunnfjord
  • 8. Kjetil Melheim (41), Luster
  • 9. Helle Frogner (46), Stad
  • 10. Jan Henrik Nygård (59), Kinn

Stortingsvalet 2021–2025

Sogn og Fjordane framleis ein eigen valkrins til stortingsvalet neste haust, sjølv om fylket ikkje finst lenger.

Det er fire stortingsrepresentantar i krinsen, inkludert eitt utjamningsmandat.

Dagens representantar er Liv Signe Navarsete (Sp), Ingrid Heggø (Ap), Frida Melvær (H) og Tore Storehaug (Sp, utjamningsmandat).

Av desse fire er det berre Storehaug som stiller til attval.

Stortingsvalet går av stabelen måndag 13. september 2021.

Les også

Tore (28) valt til toppkandidat: – Eg er veldig takknemleg

Les også

Sogn og Fjordane kan ende opp med rein mannsbenk på Stortinget

Kommentarer til denne saken