Vil gjere barna i Sunnfjord til dei mest kulturelle i landet

Sunnfjord kommune er som ein av seks kommunar i landet valt ut til å vere ein kulturbarn-kommune. Med det får 200 barn i alderen tre til fem år i kommunen høve til å få eit heilt anna forhold til kunst.