Vil du bli meddommar? No har du sjansen

LEDIG STOL: Sunnfjord kommune skal velje nye meddommarar. Særleg unge og personar med innvandringsbakgrunn blir oppfordra til å melde seg til teneste.

LEDIG STOL: Sunnfjord kommune skal velje nye meddommarar. Særleg unge og personar med innvandringsbakgrunn blir oppfordra til å melde seg til teneste. Foto:

Sunnfjord kommune treng nye folk som skal felle dom over sine likemenn.

DEL

I løpet av våren skal Sunnfjord kommune velje eit utval av meddommarar som skal vere med på å ta avgjerder i rettssaker i Sogn og Fjordane tingrett, Gulating lagmannsrett og jordskifteretten.

Meddommarar i rettssaker er heilt vanlege folk, utan særskilde forkunnskapar. Vervet inneber at ein skal avgjere skuldspørsmål i straffesaker saman med fagdommaren.

Som meddommar kan ein rekne med å bli kalla inn ein til tre gonger i året. Vervet er ei samfunnsplikt, og ein vil vanlegvis få fri frå jobb for å sitte i retten. Om ikkje få ein dekt tapt arbeidsforteneste.

Du må fylle nokre få krav for å få lov til bli meddommar. Du må vere over 21 og under 70 år. Du må forstå og snakke norsk, og du må vere statsborgar i Norge eller i eit anna nordisk land, eller ha vore registrert som busett i Norge dei siste tre åra.

Meddommarane skal ha alle mogleg bakgrunnar. Unge og personar med innvandrarbakgrunn underrepresenterte og blir særleg oppfordra til å melde seg. Ein blir valt for fire år av gongen. Neste periode er 2021–2024.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken