Viktor og Johannes nominert til gjæv idrettspris

NOMINERTE: Viktor Hovland og Johannes Thingnes Bø er begge nominert til Årets mannlege idretttsprestasjon under Idrettsgallaen 2021.

NOMINERTE: Viktor Hovland og Johannes Thingnes Bø er begge nominert til Årets mannlege idretttsprestasjon under Idrettsgallaen 2021. Foto:

Lokale idrettsutøvarar er nominert til Årets idrettsprestasjon.

DEL

I sommar bestemte styret for idrettsgallaen at det ikkje ville bli arrangert ein tradisjonell i idrettsgalla i januar 2021. I tillegg vart det bestemt at det ikkje skulle bli delt ut dei vanlege prestasjonsprisane.

Sjølv om 2020 var annleis for idretts-Norge vart det opna opp for idretten, og dermed har også to nye prisar blitt inkludert i idrettsgallaen 2021. I tillegg til at årets forbilde, årets heiderspris og årets eldsjel skal kårast, kan publikum også stemme på årets sportspresentasjon for både menn og kvinner.

Fleire lokale som er nominerte

Blant dei mannlege idrettspersonane som er nominerte finn vi fleire lokale idrettsutøvarar. Blant anna skiskyttar Johannes Thingnes Bø frå Stryn. Under VM i skiskyting i 2020 vann Thingnes Bø seks medaljar: Tre gull og tre sølv.

Også golfstjerna Viktor Hovland, som har familie frå Vadheim, er nominert. I desember 2020 spelte Hovland seg til karrierens største siger, då han skreiv seg inn i golfhistoria med å gå til topps i PGA-turneringa i Mexico. Han er no ranka som den 15. beste golfspelaren i verda.

Sandvolleyballduoen Anders Mol og Christian Sørum er også nominerte. Mol har familie i Naustdal og har spelt for Førde Volleyballklubb. I 2020 vart dua europameistrar for tredje gong på rad. Neste år ventar OL i Tokyo, der dei er soleklare favorittar.

Publikum kan stemme på dei nominerte her. Idrettsgallaen 2021 blir vist på NRK 1 laurdag klokka 19.50.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken