Gå til sidens hovedinnhold

Isklump knuste bilen til Ståle

Artikkelen er over 3 år gammel

GAULAR: Då Ståle Hetle køyrde på den rasutsette fylkesvegen i Matbjøra onsdag, dundra ein isklump ned frå fjellsida og trefte bilen.

– Eg var berre hundredelar frå å få han rett i fanget, eller hovudet for den saks skuld, seier Ståle Hetle.

Han fortel at han vart ordentleg skjelven etter opplevinga. Isklumpen kom i høg fart, og han fekk ikkje sett kor stor den var. Men den var stor nok til å lage eit skikkeleg bulk på sida av panseret på bilen hans.

Fylkesveg 610 Matbjøra i Viksdalen er kjent for å vere eit farleg vegstrekkje. Etter fleire ras er det sette opp sikringsnett, men dei fanga ikkje opp isen som trefte bilen til Hetle.

– Sikringane er ikkje mykje å skryte av. Det verkar som nokon må verte drepne her før det vert sett i gang skikkelege tiltak, seier Hetle.

Les også

– Har hjartet i halsen kvar gong eg køyrer forbi

 

Kommentarer til denne saken