Vikafjellet opnar ikkje før til helga

DEL

Statens vegvesen melder at riksveg 13 over Vikafjellet ikkje opnar igjen før tidlegast laurdag.

Det er den tida dei reknar med det vil ta å rydde vegen.

Midt på dagen tysdag er det også stengt på fylkesveg 50 Hol-Aurland. Den blir stengt til onsdag på grunn av ras og rasfare. Det vil bli gjort ny vurdering der onsdag 26. februar.

Det er kolonnekøyring på E134 over Haukelifjell, og på riksveg 7 over Hardangervidda har det i føremiddag vore stengt for personbilar, men kolonne for køyretøy over 7,5 tonn. Klokka 11.30 vart det opna for at alle kan vere med i kolonnene som vert køyrde over Hardangervidda.

Artikkeltags