Måndag morgon vart det innført kolonnekøyring på Vikafjellet på grunn av uvêr.

Det melde Vegtrafikksentralen Vest måndag morgon.

Første kolonne går frå Storehaug ca. klokka 08.00. Større køyretøy bør bruke kjetting, skreiv sentralen.

Fylkesveg 50 Aurland–Hol vart også stengd grunna vêrtilhøva. Ei ny vurdering vart teken klokka 14.

Klokka 17.25 melder Vegtrafikksentralen vest at rv. 13 over Vikafjellet no er opna att for fri ferdsel.

Klokka 19.51 vart også fv. 50 Aurland opna att for fri ferdsel.