Grunna uvêr vart fjellovergangen mellom Vik og Voss, Vikafjellet, stengt kring 01:20 natt til søndag.

Det vert tatt ei ny vurdering klokka 09:00 søndag morgon.

Vegvesenet si oversikt over fjellovergangane søndag morgon, 07:00, ser slik ut:

E16 Filefjell: Opent

Rv52 Hemsedalsfjellet: Kolonnekøyring. 1-2 timer ventetid.

Fv50 Hol-Aurland: Stengt Rv7 Hardangervidda: Stengt.

Fv53 Årdal-Tyin: Stengt.

Rv13 Vikafjellet: Stengt. Rv15 Strynefjellet: Stengt.