Vikafjellet blir nattestengt

Grunna rasfare blir rv. 13 over Vikafjellet nattestengt frå 22.00 laurdag.

DEL

Stenginga vil vare til neste dag klokka 10.00, melder Vegtrafikksentralen Vest laurdag.

Det har vore tett mellom stengingane på fjellet i det siste. Fredag ettermiddag vart overgangen stengt grunna rasfare, og ny status vart teken klokka 08.00 laurdag morgon. Då vart vegen meldt opna, før det no på ettermiddagen vart meldt om nattestenging.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken