Gå til sidens hovedinnhold

Vikafjellet blir ikkje opna torsdag

Ny vurdering av fjellovergangen vert gjort klokka 14.00 fredag.

Vegtrafikksentralen Vest melder torsdag ettermiddag at rv. 13 over Vikafjellet er stengt grunna uvêr, og at fjellovergangen ikkje vil verte opna att denne dagen.

Neste vurdering om vegen kan opnast att vil bli gjort fredag klokka 14.

Første stengingsmeldinga denne torsdagen kom klokka 09 på morgonen.

Då fortalde brøytesjåfør Erling Stokkebø til Sogn Avis at ein ikkje kunne køyre kolonne grunna rasfare. Skredfarenivået var då også vurdert som stor.

Snø hadde til dømes då rasa ut ved Skjelingavatnet, og dette dekte halve vegbana. Ein måtte også sjekke nokre store gavlar i området.

No vil altså overgangen verte opna att tidlegast fredag ettermiddag, etter 14.00.

Kommentarer til denne saken