POLITINATTA: Person utan gyldig førarkort teken for promillekøyring, og ein moped vart avskilta

Artikkelen er over 2 år gammel

TRAFIKK: Politiet stoppa i går kveld tre trafikksyndarar i Sogn.

DEL

Ein mann i 50 åra vart i går teken for promillekøyring i Vik kommune.
Mannen, som heller ikkje hadde gyldig førarkort, vart teken med for taking av blodprøve.
Det vert oppretta sak, melder politiet i Sogn og Fjordane på Twitter.

I Sogndal fekk to unge menn på høvesvis 17 og 21 år, munnleg pålegg av politiet for å ha køyrt mopedar der skilta ikkje var heilt lette å lese.
Den eine mopeden vart avskilta fordi den ikkje var omregistrert på ny eigar, melder politiet.

Artikkeltags