Peppes i Førde best av alle

Dei tilsette på Peppes Pizza i Førde kan glise av god grunn: restauranten dei jobbar på er best i landet. Sjå video av kor lang tid det eigentleg tar å gjere klar ein pizza på Peppes.

DEL
<div id='netboard-1'> <script> googletag.cmd.push(function() { googletag.display('netboard-1'); }); </script> </div>

Tilbod: Firda i 5 veker for 5 kroner!

Førre veke vart Peppes Pizza i Førde kåra til den aller beste Peppes-restauranten i Norge. Restauranten vann over 80 andre slike restaurantar i Norge.

– Dette var utruleg overraskande og gledeleg. Ein stor grunn til at vi vann trur eg er fordi vi tek ekstra godt vare på gjestane våre i og med at restauranten ligg i ein liten by, seier dagleg leiar Kristine Sand.

Det kan Linn Eidsvik, driftssjef i Peppes Pizza AS, bekrefte.

– Avdelinga vår i Førde drivast på ein svært gjennomtenkt og positiv måte, der dei tilsette og gjestane deira til kvar ein tid er i fokus. Dette speglar seg igjen i gode resultat på alle plan, seier ho.

Desidert best

– Det er kjempestort å vinne dette. Diplomet skal absolutt opp på veggen – dette skal vi feire! seier Sand smilande.

Ifølgje Eidsvik herska det ikkje tvil om at Peppes i Førde var den beste restauranten av denne typen i Norge.

– Kriteria som vart lagt til grunn i konkurransen var måling av gjesteopplevelse, medarbeidartilfredsheit, salsauke og gode økonomiske resultat. I tillegg det å vere tro mot konseptet til Peppes, fortel ho.

– Utruleg godt arbeidsmiljø

At det er fint å jobbe på Peppes i Førde kan mellom andre den 22 år gamle kjøkkensjefen Karoline Vie skrive under på.

– No har eg jobba her i seks år. Miljøet blant dei tilsette her er utruleg godt. Dette gir ein god atmosfære som strålar ut på kundane, seier ho.

Prisen vart delt ut i Krakow førre veke, som ein del av "Peppes awards". Konkurransen inneheldt kategoriane årets restaurant, årets leiar, årets leveringsavdeling, årets salsavdeling og årets nykommar.

Artikkeltags