Her lærer elevane å unngå økonomiske vanskar

BUDSJETTARBEID: Nikolai Larsen Hjelmbrekke og Adrian Dominic Johnpillai set opp budsjett.

BUDSJETTARBEID: Nikolai Larsen Hjelmbrekke og Adrian Dominic Johnpillai set opp budsjett. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FØRDE: Norske ungdommar mellom 18 og 25 år har ei inkassogjeld som nærmar seg 300 millionar kroner. Korleis skal 16-åringane Nikolai og Adrian sleppe unna?

DEL

Denne veka fekk alle førsteklassingar på Hafstad vidaregåande kurs i sunn personleg økonomi. Nikolai Larsen Hjelmbrekke (16) og Adrian Dominic Johnpillai (16) har oppdaga at privatøkonomi ikkje er så lett som det kan høyrast ut som.

– Ungdom er vande med at foreldra gjer det meste, så ein tenker ikkje så mykje over det før ein må gjere noko med det sjølv, seier Johnpillai, som går studiespesialisering på Hafstad.

– Vi fekk eit innblikk i utgifter som ungdom ikkje har så mykje erfaring med, som skatt og straumrekningar. Vi har lært kor viktig det er at ein har kontroll i den personlege økonomien, fortel klassekamerat Nikolai Larsen Hjelmbrekke.

Sjef i eige liv

«Sjef i eige liv» er eit kurs i personleg økonomi for ungdommar på vidaregåande skule i heile landet.

Målet er å bidra til at ungdom tidleg får gode vanar når det gjeld privatøkonomi.

Sparebanken Sogn og Fjordane har arrangert kurset sidan 2013. Omtrent 1000 elevar tek kurset kvart år, og sidan dei starta opp har 5000 elevar frå fylket deltatt.

Elevane set opp sitt eige budsjett og vurderer korleis yrkesval, sparing, livssituasjon, forbruk og lån påverkar personlig økonomi.

Programmet er utarbeidd av Ungt Entreprenørskap Norge og Finans Norge.

TETT OPPFØLGING: Kurshaldarar Janka Helene Nedreberg og Dagfrid Vallestad Brevik lærer elevane sunn privatøkonomi.

TETT OPPFØLGING: Kurshaldarar Janka Helene Nedreberg og Dagfrid Vallestad Brevik lærer elevane sunn privatøkonomi. Foto:

Lærer sunn personleg økonomi

Kurshaldar og kunderådgjevar i Sparebanken Sogn og Fjordane Dagfrid Vallestad Brevik meiner foreldre må snakke meir med borna om utgifter.

– Ungdom er ikkje så bevisste på kor viktig det er å gjere opp for seg. Plutseleg kan dei ha fått ein betalingsmerknad utan at dei heilt veit kvifor. Vi håpar elevane lærer at vala ein tek i kvardagen påverkar økonomien i det lange løp, seier Brevik.

5000 elevar i fylket har gått gjennom kurset «Sjef i eige liv» sidan 2013. Kurset, som vert arrangert av Sparebanken Sogn og Fjordane, skal gi elevane betre haldningar før dei blir ansvarlege for eigen økonomi. Det kjem vel med, for den samla inkassogjelda for unge mellom 18 og 25 ligg på 283 millionar, ifølge tal frå Kredinor.

På kurset set elevane seg inn i ein situasjon der dei har ansvar for eigen økonomi og set opp sitt eige budsjett. Dei har fått føle på korleis yrkesval, sparing, livssituasjon, lån og forbruk påverkar den personlege økonomien. Til slutt får dei ei oppsummering på om dei fekk budsjettet til å gå opp.

Foreldre må bli meir aktive

Brevik meiner det er viktig at foreldre er meir opne om økonomi i heimen.

– Privatøkonomi har liten plass i skulen. Det er viktig at foreldra snakkar meir med borna om kva ting kostar. Mange må bli flinkare til å snakke med borna om at ein ikkje alltid har råd til å spandere på seg dyre telefonar og kle.

Ho trur mange ungdommar i dag føler eit kjøpepress, og at foreldre kan bidra til dette.

– Eg trur at kjøpepress er ein av grunnane til at forbruksgjelda aukar blant unge. Så er det jo slik at alle foreldre vil det beste for borna, dei vil at dei skal passe inn. Det er ikkje alle som har råd til å halde tritt, og dei som har råd bidrar til å auke kjøpepresset.

Hjelmbrekke og Johnpillai har jobbar ved sida av skulen og føler ikkje personleg på kjøpepresset.

– Eg bryr meg ikkje om at andre kjøper kule merkekle eller ein telefon. Skal eg kjøpe noko, tenker eg først gjennom om eg kjem til å få bruk for det, seier Hjelmbrekke.

DYP KONSENTRASJON?: Budsjettet kjem i hamn.

DYP KONSENTRASJON?: Budsjettet kjem i hamn. Foto:

Sparing til bustad

Elevane vart også kursa i sparing generelt og sparing til bustad spesielt.

– Det er viktig at elevane har fokus på eigenkapital til bustad allereie no, slik at dei kan få ein god start, seier Brevik.

Hjelmbrekke og Johnpillai trur dette kan gå i gløymeboka for mange.

– Det er kanskje smart å sette av ein viss sum i månaden, men eg trur dette er lett å gløyme. Det er litt skremmande å sjå alle småsummane som går ut når ein ser på utkontoutskrifta, seier Hjelmbrekke.

Artikkeltags