– Det var eit sterkt lys over horisonten og det laga ikkje nokon lyd. Det kom som eit sjokk på meg, fortel Vidar Espeseth.
Han bur i Viksdalen og står normalt opp klokka fem om morgonen. Onsdag vakna han litt tidlegare enn vanleg. Det var då han gjekk ut på terrassen at han oppdaga lyset på himmelen.
– Det lyset såg ikkje ut som om det kom frå eit fly. Eg merka at det hadde ei svak rørsle mot høgre frå der eg stod, seier Espeseth.
Vidar var snar med å finne fram telefonen for å få eit bilde. Han var redd for at lyset skulle forsvinne og var kjapp med å ta eit bilde.
– Eg skulle gjerne ha fått eit bilde med eit skikkeleg kamera, men eg var redd for at det skulle forsvinne før eg hadde fått henta det.
Men han hadde ikkje hastverk. Lyset var nemleg synleg på himmelen i ein halv time, før det forsvann rundt klokka halv fem.
– Eg veit ikkje kva dette kan vere. Det er i alle fall veldig rart, seier Espeseth.
Firda tok kontakt med Luftfartstilsynet for å finne ut meir om kva dette kan vere.
– Vi klarar ikkje å gi nokon teori på kva dette kan vere. Det er umogleg å anslå høgde, storleik eller rørsle basert på bildet, seier Håvard Vikheim, som er kommunikasjonsdirektør i Luftfartstilsynet.

Ein bil som får bensinstasjonar til å smile