Brua vil bli stengd klokka 21.00 på kvelden frå og med 4. juni. Først klokka 06:00 på morgonen blir den opna opp att.
Vestland fylkeskommune skriv på heimesidene sine at årsaka er vedlikehald. Dei skal byte ut alle fugene på brua, og arbeidsperioden er på fem veker.
Lang omveg
Gangbrua blir også stengd for arbeidet. Dermed blir det omkøyring for alle trafikantar: også syklande og gåande.
Omkøyringa går via E39 Hafstadvegen og fv. 609 Angedalsvegen. Gangvegen som går frå Hafstadparken kjem ut akkurat der brua startar, så også mjuke trafikantar får ein lang omveg. Første moglege overgang er brua ved Hafstad VGS. Ergo må ein rekne ganske mykje ekstra tid om ein skal gå eller sykle.
Støy på natta
Fylkeskommunen skriv at ein må vente noko støy knytt til arbeidet på natta over to netter i to periodar. Dei opplyser ikkje om kva dagar dette gjeld.
– For å beskytte fugearbeidet på brua, så vil det kome ein fartsdump i køyrebana og stålplater i gangvegen, står det.
Når det gjeld utrykking for naudetatar, skal dei vere i dialog med arbeidsgruppa.

Asfalten kjem i rekordfart. «Dei store utfordringane» kjem til hausten
