Meldinga frå møtelyden på Skei Hotel onsdag kveld var klar og tydeleg. Både ordførar, kommunalsjef og kommunedirektør i Sunnfjord kommune fekk nok dette med seg der dei sat på fyrste benkerad.

Knappe 10 månader inn i Sunnfjord kommune sitt fyrste leveår, og medan blekket på intensjonsavtala framleis er ferskt og tydeleg, kjem utgreiing om nedlegging av skular og klassar i vår nye kommune. Kommunalsjefen for utdanning la fram planane som er bestilt av politikarane. Mange av desse politikarane går rundt med ferske arr etter nylege kampar om skulestruktur i deira gamle kommunar. Skal tru om arra ikkje er byrja å verte raude og kløande igjen?

Optimismen og framtidstrua som skal utvikle vår nye kommune er erstatta av mismot og sviktande inntekter. Kommunalsjefen la fram den eine skumle plansjen etter den andre, som alle viste at pilene peikar nedover. Sviktande folketalsutvikling og ditto færre skuleborn over heile fjøla skal ein tru SSB sine folketalsframskrivingar fram mot 2040. Berre nokre få kurvar peika oppover. Dei som viste talet på folk over 80 og 90 år i framtida. Godt det er noko å sjå fram til!

Etter at kommunalsjefen for utdanning var ferdig med sin presentasjon vart det opna for spørsmål og synspunkt frå møtelyden. Fleire frå Skei skule heldt gode innlegg og understreka det sterke fagmiljøet ved skulen. Kommunalsjefen etterlyste meir robuste skuleeiningar i framtida og fekk svar frå ein av lærarane at ved å miste klassar og fagpersonar vart skulen det motsette av robust. Godt poeng.

Også foreldre med born på skulen tok ordet, og det var sterkt å høyra mora frå inste Stardalen som kjempa hardt for å behalde ungdomsskulen for 5 år sidan. No må ho ta kampen på ny for at borna skal sleppe 3 timar i dagleg skuleskyss.

SSB sine folketalsframskrivingar er teori. Fakta er at dei neste 5 åra har Skei skule den høgste veksten av alle skular i Sunnfjord kommune. Kva som kjem etterpå veit ingen. Her er det opp til kommunen sjølv å gjere seg attraktiv for at våre unge og andre vil setje bu i alle delar vår nye kommune.

Ein ting er sikkert. Innbyggarane i indre Jølster vil kjempe for å behalde sin 1–10 skule. Såpass fekk nok politikarane som var til stades med seg.