Gå til sidens hovedinnhold

Vi treng ei maritim krisepakke no

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Den maritime næringa er i krise, det ser vi også godt i Sunnfjord og Florø. Koronakrisa og fall i oljeprisen gjer at mange arbeidsplassar står i fare. Dei tiltak regjeringa så langt har komme med, har liten effekt på verftsindustrien. Ordrebøkene er i ferd med å bli tomme. For mange lokalsamfunn langs kysten er dette svært alvorleg.

Regjeringa må no vakne og sikre at næringa overlever.

Norge har verdsleiande maritim kompetanse. Vi er avhengige av denne kompetansen om vi skal klare å utvikle eksportretta og grøn skipsfartsnæring for framtida.

Framtidas maritime næring må byggast på dagens tilsette og deira kompetanse.

NITO Sogn og Fjordane krev at regjeringa lagar ein maritim tiltakspakke. Pakka må gje effekt no. Den må skape arbeidsplassar i Norge. Den må sørge for at vi heldt på og vidareutviklar dei gode kompetansemiljøa i maritim næring. Den må vere berekraftig, grøn og eksportretta.

Nå sett vi vår lit til at opposisjonen i Stortinget forstår alvoret og får regjeringa med på tiltak som kan settast i verk. Vi treng ei maritim krisepakke no.

Les også

Misser 40–50 millionar i årleg omsetnad på Havyard-krisa

Les også

Judith mister den største kunden sin: – Det kjem vi til å merke godt

Les også

Trur på elbåteventyr i Florø: – Det er ikkje berre mogeleg, det er sannsynleg

Kommentarer til denne saken