Vi tek situasjonen på høgaste alvor

SMITTEVERN: – Helse Førde følgde dei same rutinane som dei fleste andre norske helseføretak gjorde på det aktuelle tidspunktet. Vi var korkje betre eller dårlegare, men det var vi som fekk smitten, skriv Arve Varden i Helse Førde.

SMITTEVERN: – Helse Førde følgde dei same rutinane som dei fleste andre norske helseføretak gjorde på det aktuelle tidspunktet. Vi var korkje betre eller dårlegare, men det var vi som fekk smitten, skriv Arve Varden i Helse Førde. Foto:

Av

Koronapandemien har gjeve Helse Førde utfordringar på så mange plan. Men saman skal vi i Helse Førde klare dette.

DEL

Meiningar

Helse Førde har fått mykje merksemd etter at ein svensk vikarlege fekk påvist viruset, og ein annan tilsett og ein pasient vart smitta. Kritikken har mellom anna gått på at den svenske legen ikkje vart testa før vedkommande byrja å jobbe, og at vedkommande ikkje brukte munnbind.

I etterpåklokskapens lys er vi i Helse Førde einig i at ting kunne vore gjort annleis, men faktum er at vi har følgd dei retningsliner som var gjeldande på det tidspunktet den svenske legen vart klarert for arbeid hjå oss.

Krav om testing og munnbind kom etter at denne legen hadde byrja å jobbe ved Nordfjord sjukehus. Så kan ein alltids stille spørsmål om kvifor vi ikkje på eige grunnlag sette i verk testing uavhengig av forskriftskrav, og kvifor ikkje allereie tidlegare i vår? Nokre av forklaringane er inntil nyleg avgrensa testkapasitet ved laboratoria og diskusjonar om i kva grad resultata er sikre ved testing av symptomfrie personar. Kunnskapen har auka og råd og forskriftskrav har også endra seg heile vegen. Men per 22. juni hadde ikkje Helse Førde på eiga hand innført rutinemessig testing av svenske vikarar, og var slik sett i same båt som fleire andre helseføretak.

Det arbeider svært mange svenske vikarar ved norske sjukehus, og fram til 22. juni vart desse altså klarerte etter dei same retningslinene – det vil seie at testing ikkje var naudsynt. Vi beklagar djupt at ein pasient og tilsett vart smitta, men på same tid er det viktig for oss å få fram at Helse Førde følgde dei same rutinane som dei fleste andre norske helseføretak gjorde på det aktuelle tidspunktet. Vi var korkje betre eller dårlegare, men det var vi som fekk smitten.

I tida etter utbrotet har vi drive grundig smittesporing og funne dei som har vore i nærkontakt med dei tre som vart smitta. Fleire hundre testar er gjennomførte, og det er ei glede å fortelje at samtlege fram til no måndag har vore negative. Det er rett at kvar einaste smitta pasient eller tilsett er ein for mykje. Men samstundes viser det låge talet som vart smitta av vikarlegen, at smittevernarbeidet som våre tilsette gjer kvar dag, døgnet rundt, faktisk fungerer godt.

Eg vil her framheve det arbeidet dei tilsette ved Nordfjord sjukehus har gjort for å avgrense spreiing av smitten etter hendinga. Innsatsen og viljen som dei tilsette i Nordfjord har synt, har vore avgjerande for at vi så raskt har kunne opne opp att sengeposten.

Helse Førde har sidan koronaen kom, hatt mål om å ha smittefrie institusjonar og gje god behandling både til dei som blir smitta, og dei som treng anna helsehjelp. Hendinga på Nordfjord sjukehus var eit tilbakeslag, men det endrar ikkje ambisjonen. Men for å nå målet er vi nøydde til å nytte utanlandske vikarar, spesielt i ferietida. Dei gjer ein naudsynt og god jobb for oss.

Vi kan ikkje seinke skuldrene og slakke av på smittevernarbeidet. Kor viktig dette arbeidet er, må vi framleis terpe på overfor alle tilsette, vi må stadig komme med påminningar. Desse påminningane som vi i leiinga med jamne mellomrom sender ut, innad og utad, må ikkje forvekslast med kritikk mot tilsette, slik det framstod i ein avisartikkel nyleg.

Vi erkjenner at ønsket vårt denne gongen o må dele informasjon raskt, førte til at ei intern melding ikkje gjennomgjekk same kvalitetssikring som den vanlegvis gjer før vi sender den ut. Det beklagar eg overfor dei tilsette i Nordfjord, som internt har teke gode initiativ for å organisere arbeidsdagen slik at ein minskar smittefaren. Påminningane var retta mot alle tilsette i føretaket, inkludert. leiinga og meg sjølv.

Det er vår klare overtyding at det var tilfeldig at det var Nordfjord sjukehus som vart råka. Dette kunne like gjerne skjedd andre stader i føretaket vårt, eller hos andre sjukehus i Norge.

Smitterisikoen må vi nok leve med i lang tid framover. Dette er ikkje over.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags