«Vi lister oss så stilt på tå»

Media vert bombarderte med lause på- standar om kraftbehov, skriv Per Kjelstad

Media vert bombarderte med lause på- standar om kraftbehov, skriv Per Kjelstad Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Vi som høyrde på barnetimen på tidleg 1950-tal, hugsar godt Thorbjørn Egner sine tre røvarar i Kardemomme by. Men det var trivelege røvarar, som røva passeleg mykje til livsopphaldet, og elles var snille og greie.

Eg kjem i hug desse tre karane som for trippande på tå, så stilt dei kunne, når eg høyrer om aktiviteten til vindkraftselskapa Fred. Olsen Renewables, (FOR) og Zephyr her i fjella mellom Høyanger og Gaular. Her er nokon som listar seg så stilt dei kan i desse fjella, men greier dei å få godt nok fotfeste, vert det snart slutt på stilla.

Vi trudde vi levde i eit land med verdas beste demokrati, med likskap mellom høge og låge, mellom rike og fattige. Vi trudde same lovene galdt både for kong Salomo og Jørgen Hattemakar. Men det var før vindkraftspekulantane slapp lause. Her i våre bygder og fjell kom dei fram i lyset ca 1. april 2019. det er likevel mykje som tyder på at dei hadde lista seg stilt på tå ei stund før det. Lokale alliansepartnarar var etablerte, det var lova rikeleg godtgjersle til einskilde grunneigarar, spiren til splid og usemje mellom grunneigarar var planta ut.

No kunne ein halde «informasjonsmøte» der representantane for FOR og Zephyr snakka svært romsleg om velsigninga vindturbinane ville føre med seg lokalt, samstundes som vi med dette berga verda, Grønlandsisen og Stillehavsøyane. Det einaste dei ikkje nemnde, var at deira oppdragsgjevarar ville sitje att med milliardforteneste etter at alt var selt til utanlandske kapitaleigarar. Her var det berre å skrive på og ta mot hurtigsvarpremie. Til slutt kom likevel realitetane fram under godpratet. Det lønte seg godt å skrive på i ein fart, elles ville ein tape pengar, og det var lita nytte i å setje seg opp mot deira planar. for det vart utbygging og ekspropriasjon likevel. Særleg på folkemøtet på Sande kro og hotell sommaren 2019 vart mange av oss sjokkerte over den tonen representantane for vindkraftindustrien brukte. Vi var ikkje då klar over kor sterke alliansar dei hadde innan kraftbransjen, innan toppnivået i regjering og storting, innan einskilde såkalla miljøorganisasjonar og innan landsdekkande media.

I staden for ein stille resignasjon for overmakta reagerte folk flest med ektefølt motstand mot vindkraftplanane. Lokalpolitikarane var vakne, og alle dei berørte kommunane i Sunnfjord/Ytre Sogn gjekk mot at deira område skulle brukast til vindindustri.

Dermed måtte taktikken til vindkrafttilhengarane leggjast om. Det var på tide å liste seg stilt på tå att. Samstundes som det generelle presset på politikarar og andre med avgjerdsmakt vart auka, og media vart bombarderte med lause på- standar om kraftbehov, lønsemd og klimaverknader, heldt FOR og Zephyr fram med å planleggje alvorlege inngrep i fjella våre, inngrep som, viss dei vert gjennomførde, berre let seg slette av ei ny istid. Det vert søkt om å setje opp vindmålarar, det vert kravd jordskifte og grensegangar i sams fjellmark, og det vert planlagt vegar og utplassering av vindturbinar på toppane.

Alt dette vert gjort med den bakgrunnen at vindkraftindustrien er heva over vanleg lov og rett. Den lokale styringa etter plan – og bygningslova er tilsidesett, berre energilova gjeld. Difor ser vi den eine hendinga etter den andre som ville verka utenkjelege berre for få år sidan. Vi ser det på Frøya, på Haramsøya, i Bremanger og no også Stadtlandet. Bygdefolk og grunneigarar vert fjerna med makt frå eigen eigedom. Dei vert bøtelagde og handsama som forbrytarar fordi dei vil berge eigedomen sin og den naturen dei er så glade i.

Men her er fleire som ser seg tente med å fare stilt. Regjering og Storting er ansvarlege for det som vanlege folk oppfattar som ulikskap for lova. Derfrå er det berre omkvedet om «lovleg fatta vedtak» som høyrest, sikkert i god forståing med deler av kraftbransjen. Kven skal vi då synast synd i? Er det statsrådar som synest motstanden er «ubehageleg», eller er det menneska som kjenner ekte sorg over det som skjer?

I diktet «Ved Grensa» skriv Jakob Sande om «byen utan namn»: «Det er som eitkvart sig inn på dei, dei ikkje har kraft til å snu». Vi får stå på og syne at vi har kraft til å snu den utviklinga vi ikkje vil ha. Det skal ikkje løne seg verken for røvarar eller vindkraftprodusentar å liste seg stilt på tå, i ly av eit mangelfullt lovverk.



Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken