Alle politikarar sitt overordna mål no om dagen er å forsøkje å stoppe den globale oppvarminga. For Noreg betyr det stadig meir elektrifisering.

Storstila elektrifisering betyr at Noreg om berre nokre få år vil gå frå å ha eit overskot av kraft til å få eit underskot på kraft.

Kva gjer vi med det? NVE seier at det i hovudsak er to løysingar; Energieffektivisering og utbygging av meir fornybar kraft.

Energieffektivisering vil åleine ikkje vere nok. Sjølv om dette er løysinga mange drøymer om. Vi slepp å gjere inngrep i naturen. Men det er rimeleg klart at vi ikkje kjem utanom å byggje ut meir kraft i tillegg. NVE sa seinast i dag (21/9-22) på NRK at det er snakk om eit både óg, ikkje enten eller.

Nokre politikarar ønskjer seg storstila elektrifisering, kraftige klimagasskutt, låge straumprisar og null inngrep i naturen. Alt på same tid. Desse politikarane parkerer seg sjølve på sidelinja.

Dei som no forheld seg til realitetane forstår at vi ikkje kan ta oss råd til å ikkje byggje ut vindkraft på land. Landet vårt har gode vindressursar. Slik eg ser det, er vi nærast forplikta til å byggje ut vindkraft på land i ei verd som stadig ropar høgare etter meir fornybar energi. Den store vindressursen vår kan rett og lett ikkje vere ubrukt. Vindkraft på land er dessutan den fornybare energikjelda no som kan byggjast ut raskast.

Det første partiet som no ser ut til å vakne, og er villige til å ta ansvar, er Høgre. Sentralt tek no partiet til orde for vindkraftutbygging på land. Endeleg!

Så er det store spørsmålet, kva seier Høgre lokalt? Har vi like rakrygga politikarar lokalt? Torer Sunnfjord Høgre å gjere dette til ei viktig valkampsak? Det hadde det stått respekt av. Den lokale motstanden har jo fram til no vore unison.