Ordførarkandidat Henrik Nordal (Ap) fekk teikna eit ganske så dystert bilde av eldreomsorga i Sunnfjord kommune då han inviterte seg sjølv til møte med avdelingsleiarar på omsorgssenteret sist veke. For lite pengar, for få sjukepleiarar og for lite sjukeheimsplassar ser ut til å vere gjennomgangstonen i ein av dei største kommunane i Vestland.

Også i Firda sin spalter kjem det stadige hjartesukk over manglande vilje til å prioritere dei eldre:

  • Tidlegare Firda-journalist Helge Johnsen har i lesarbrev i Firda bede politikarane droppe den planlagde fotballhallen i Hafstadparken og heller bruker pengane på eldreomsorg.
  • Dagunn Klakegg har i fleire innlegg bede politikarane sette ein strek over planane om nasjonalanlegg for styrkeløft.
  • Leiaren for Førde pensjonistlag, Kjell Sandnes skriv at kommunen, trass i mykje informasjon, har forsømt å utvide tal sjukeheimsplassar.

Så der står vi. Kommunen har store utfordringar med å levere ei god nok eldreomsorg i dag, og med fleire eldre er det fare for at situasjonen kjem ut av kontroll viss ikkje noko blir gjort ganske raskt. I 2040 vil talet på personar over 80 derimot auke med om lag 1200. Sterkast vekst får vi for dei som er over 90 år.

Her snakkar vi altså om ei stor demografisk endring, og tala blir ikkje noko meir lystelege av å lese intervjuet med økonomirådgjevar i kommunen, Endre Fure Bortne, då han til Firda i fjor sommar kunne fortelje at i 2050 ligg kommunen an til å bruke 60 prosent av kvar einaste krone til eldreomsorg.

I eit slikt bilde hadde det vore svært bra om kommunen hadde nokolunde kontroll på eldreomsorga i 2023.

(Einig med redaktøren? Røyst eller sei meininga di til slutt i denne kommentarartikkelen)

Så dette hastar! Det må byggast sjukeheimplassar, det må rekrutterast sjukepleiarar og politikarane må løyve pengar.Då kan det sjølvsagt blir heilt nødvendig å sette offentleg tiltak opp mot kvarandre. Lågare barnekull gjer det truleg nødvendig med færre skuleklassar, færre skular og færre barnehagar. Alle sektorar må drivast svært effektivt, også eldreomsorga.

No må politikarane bestemme for kva område dei skal prioritere, om det skal byggast fotballhall, nasjonalanlegg for styrkeløft og ny symjehall. Eller om noko av dette må leggast vekk.

Det er ei svært krevjande oppgåve for kommunepolitikarane. I tillegg til å bygge ei god eldreomsorg, skal dei utvikle det samfunnet vi bur i.

I tida framover blir det difor spennande å høyre korleis politikarane har tenkt å vekte desse oppgåvene. Noko får vi kanskje vite når pensjonistlaget arrangerer paneldebatt i Førdehuset 22. mai?

Nokre lyspunkt er å sjå i horisonten: Henrik Nordal fekk fleirtal for Sunnfjord Arbeidarparti sitt forslag til fråsegn på landsmøtet om auka investeringsstøtte til nye sjukeheimplassar, og i revidert nasjonalbudsjett er det annonsert at det blir 200 millionar kroner ekstra i investeringsstøtte, noko som svarar til 1000 nye sjukeheimsplassar. Det er berre å sette i gang planarbeidet.

Les også

– Bruk Hafstad vidaregåande skule til eldresenter

Les også

Omsorgsplanen – draumen som brest?

Les også

Mangel på kunnskap eller manglande vilje til prioritering?

Les også

Eldreomsorga i Sunnfjord

Les også

Tid for litt research, Helge Johnsen?

Les også

Sunnfjord treng ein Førdepakke for eldreomsorg

Les også

Sjukeheimsplassar og spørjeundersøking i Sunnfjord kommune