Gå til sidens hovedinnhold

– Vi kan ikkje ofre folkehelsa

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Debatten om bru-alternativa over Jølstra i samband med Førdepakken stormar vidare. Dei siste dagars utspel viser at debatten har blitt både populistisk og full av «fake news».

No er det på tide at vi som har vore med på å utforme idretten sin ståstad i Førde-samfunnet i mange år får komme litt til orde. Mange meiningsytringar i det siste har vore forsøk på å ta spelaren i staden for ballen, og det straffar seg som kjent i lengda. Fleire politikarar har i det siste brukt både sosiale medier og lokalmedia for å fronte mindretalet sitt syn frå sist formannskapsmøte, som faktisk konkluderte med at alternativ 7 skal prioriterast.

Heilt sidan Førdehuset vart bygd som eit ikon-idrettshus i nasjonal samanheng i 1976 har kongstanken vore å samle idrett og kultur sentralt i Førde. Dette tok idretten konsekvensen av då dei brukte ein halv million i gåvemidlar for å leggje kunstgras på det tidlegare grusområdet ved Førdehuset i 2002. I 2006 brukte idretten meir enn 1,5 millionar for å byggje tre sjuar-baner på Haugum, Halbrend og Slåtten etter salet av Alexander Ødegaard, slik at aktiviteten for dei yngste i «grendene» vart ivareteke. Og i 2010 ordna idretts-aktørar i Førde, med kommunalsjef Håkon Fimland i spissen, totalt 51 millionar kroner til byggjing av Hafstadparken. Ved alle desse tre tilfella var det eit godt samarbeid med kommunen. Noko som var heilt nødvendig for å realisere desse prosjekta.

På samme viset la idrettslaget opp til å renovere kunstgrasbana ved Førdehuset i 2013 med undervarme og nytt dekke, men fekk melding om at dette arbeidet måtte utsetjast i påvente av Førde-pakken. Når ein så etter fem år opplever at bana sin standard blir brukt som eit argument for å saldere ho og leggje ei trafikkmaskin inn på delar av den, så kjennes det som å ofre folkehelse på trafikken sitt alter.

For faktum er at kunstgrasbana er i bruk dagleg. I tillegg til at skulane brukar ho på dagtid, blir det kvart år avvikla over 100 kampar der, spesielt for barn og unge i Grendaserien samt barne- og ungdomsgruppa. Fotballgruppa i Førde er ein av Norges største breiddeklubbar med over 1300 aktive medlemmer, og inkludert foreldre/besteforeldre er det ikkje langt unna at dei fleste innbyggjarane i Førde på eit eller anna vis er engasjerte i dette folkehelse-arbeidet. Og ikkje minst handlar debatten om bru-alternativa akkurat om å ivareta framtida til barn og unge.

Noko som vi har store vanskar med å sjå at alternativ 5 er med på. Forkjemparane for dette alternativet viser til at steinskulpturen «Laksen» har så stor eigenverdi, at den i staden må vernast føre kunstgrasbana. Noko ein kan sjå på som eit aldri lite paradoks då det faktisk var skulelevar og idrettsungdom som i si tid (for om lag 30 år sidan) bar stein på stein for at kunstverket skulle komme på plass.

Faktum er at ei eventuell erstatningsbane for tapt kunstgrasbane ved Førdehuset ikkje er avklara i planframlegget, verken økonomisk eller praktisk. Når alternativ 5-forkjemparane til det kjedsommelege snakkar om å erstatte kunstgrasbana ved Førdehuset med å byggje om 9´ar-bana ved Halbrend, så viser det kor lite dei kjenner til fakta. Bana på Halbrend er knapt nok ei sjuar-bane, og ei utviding til 11 ´ar kan ein berre gløyme. Både fordi det ikkje er areal nok og heller ikkje økonomi til det. Det finst nemleg ingen rike onklar som vil ta dette løftet for Sunnfjord kommune. Å snakke om at Statens Vegvesen vil erstatte kunstgrasbana ved Førdehuset, er i tilfelle å føre folket bak lyset før det er klarert. Ikkje minst bør den økonomiske konsekvensen vere på plass.

Kven har i tilfelle dessutan tenkt på dei trafikale utfordringane ei eventuell flytting til Halbrend vil medføre? Dette er eit område som allereie er overbelasta trafikkmessig, så kvifor skal ein i tilfelle leggje enda meir trafikk inn i dette bustadområdet? Ein treng vel heller ikkje vise til kva pulverisering dette vil få for det pulserande og aktive barn- og ungdomsmiljø ein ser vekse fram rundt Førdehuset/Hafstadparken?

No har politikarane i Sunnfjord høve til å setje barn- og unge i høgsetet, og i praktisk politikk prioritere dei. Dei unge har sjølve avgrensa høve til å fronte sine meiningar, og som idrettsansvarlege leiarar er det vår oppgåve å stå opp for det som i mange, mange år har vore kongstanken i Førde idrettslag.

Og det vil vel vere eit paradoks at i det året Førde idrettslag feirar sitt 100-årsjublieum, så vedtek kommunestyret i Sunnfjord å prioritere «Laksen» føre eit levande og aktivt barne- og ungdomsmiljø.

Så oppmodinga vår til kommunepolitikarane er klokkeklår:

Stem på alternativ 7, og vis dei mange tusen barn- og unge i Sunnfjord kommune at vi er opptekne av at dei skal få eit så godt liv som mogleg i vår kommune. Det handlar om å sjå framover i tid, og skape aktivitetar og miljø som gjer det attraktivt å vere førdianar og sunnfjording. Sjansen er der no, og den kjem ikkje igjen.

Godt val torsdag 10. desember til ansvarlege politikarar i Sunnfjord kommune.

Dette handlar om framtida til barn og unge!

Kommentarer til denne saken