– Vi har ein jobb å gjere med å redusere hjortebestanden

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Hjortejakta, hausten sitt vakraste eventyr er i startgropa. Som jeger gjer du ein svært viktig jobb for at vi kan få ei hjortestamme som er i tråd med ressursgrunnlaget. Skal vi få til det er vi avhengig av å fylle kvotane kring om i heile fylket. Hjortestamma må reduserast, skal vi kunne halde oppe ein frisk hjortestamme og redusere øydeleggingane som hjorten gjer på innmark og utmark.

I Bergens Tidende den 31. mai skriv artikkelforfattaren om den enorme auken i hjortebestanden dei siste tiåra. Ifølge overvakingsprogrammet for hjortevilt og anna forskingsarbeid, syner det seg at beiting på skog somme stader er so stor at det går på kostnad av det biologiske mangfaldet. I tillegg går det veldigt hart utover avlingane på dei dyrka areala våre. Dyrevelferda vert og dårlegare når hjortestamma vert for stor. Det syner att på tilveksten og vektene på dei ulike dyra.

Større avskyting må til. Grunneigarar/jegerar må ta problemet på alvor! Og syte for at det vert teke ut maksimalt med dyr i samsvar med dei planane for avskyting som valda har. Det er ein krevjande jobb, men også ein aktivitet som gjev flotte naturopplevingar. Å forvalte det naturen gjev gjennom jakt er vår plikt og samstundes gjev naturopplevingane og det sosiale med jakta gode dagar for mange. Til sist vil eg ønskje alle ei god og sikker jakt.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken