Gå til sidens hovedinnhold

Vi får 76 ekstra-millionar til vegane våre

Regjeringa deler ut 400 millionar kroner ekstra til vedlikehald av fylkesvegar, og Vestland har fått nesten 76 av desse.

[FIRDAPOSTEN]: For å stimulere til aktivitet og jobbar i heile landet i samband med koronakrisa, fekk regjeringa seint i 2020 med seg eit fleirtal i Stortinget på å løyve 400 millionar kroner ekstra til vedlikehald av fylkesvegar. Ifølgje regjeringa skal midlane komme i tillegg til dei prosjekta og tiltaka som allereie er planlagt for 2021 av fylkeskommunane. Det er ikkje stilt krav til eigendel frå kommunane, og pengane skal gå til vedlikehaldstiltak og mindre utbetringstiltak. Tiltaka må gjennomførast i løpet av 2021.

Statens vegvesen hadde ansvar for fordelinga, og inviterte fylkeskommunane til å søke på midlane. Sist veke vart det klart at Vestland får 75,7 millionar av potten, og det er mest av alle fylka i landet, følgt av Nordland og Troms og Finnmark.

Mest til dekke og rekkverk

Søknaden frå Vestland fylkeskommune inneheldt ei detaljert oversikt over kva tiltak midlane var tenkt å gå til, og det er denne lista fylkeskommunen no skal gjennomføre i løpet av 2021.

Ein stor bit av potten skal gå til dekkelegging, med 41 millionar, men rekkverk og fjellsikring får også sin del, med høvesvis 15 og 6,4 millionar. Resten av pengane går til vedlikehald av el-installasjonar og diverse tiltak som grøfting, stikkrenner, murar, dekkelapping og kummar.

Midlar til heile fylket

Blant tiltaka er vedlikehald av fjellskjering og fanggjerde langs fv. 5442 Stordalsvegen i Masfjorden, utskifting av mellombels belysning i to tunnelar på fv. 50 Aurland – Hol, nytt dekke på fv. 55 i Hafslo i Luster og vedlikehald av grøfter og utskifting av stikkrenner på fleire fylkesvegstrekningar i Hafs-regionen.

At pengane er kjærkomne, er det ingen tvil om.

– Vi har eit enormt behov for vedlikehald på fylkesvegane våre, så dette er midlar som kjem veldig godt med, seier Jannicke Bergesen Clarke, leiar i hovudutval for samferdsel og mobilitet i Vestland fylkeskommune.


Kommentarer til denne saken