Vi drøymer om ei kvit jul i år også

La oss vise at vi er mange som veit at born trivst best med edru vaksne, skriv Einar Solheim.

La oss vise at vi er mange som veit at born trivst best med edru vaksne, skriv Einar Solheim.

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Dei aller fleste born har store forventningar til jula. Dei gler seg ein av årets aller største dagar. Men mange små er også redde for at dei vil bli skuffa- igjen.

Ifølge folkehelseinstituttet bur 90.000 born i Norge i heimar der ein eller begge foreldra misbruker alkohol. I tillegg estimerer dei at det er dobbelt så mange som har foreldre med eit risikabelt alkoholforbruk. For desse borna er jula ei særleg sårbar tid.

Forsking viser at born merkar endring i vaksne sin veremåte når dei drikk før dei vaksne trur dette er merkbart!

Borna ønsker seg vaksne som er trygge og føreseielege, også i jula.

Gjennom kampanjen Hvit jul ønsker IOGT å gjere dette problemet mindre, og vi treng di hjelp.

Vanlegvis står det i desse dagar mange frivillige på stands rundt omkring i landet for å snakke med vaksne og oppfordre til å drikke alkoholfritt når dei er saman med born i julehelga. I år er det annleis. Grunna pandemien blir det få stands og dermed mindre synleg bodskap. Oppfordringen til deg kjem dermed her:

La oss vise at vi er mange som veit at born trivst best med edru vaksne. Gå inn på hvitjul.no og signer på kampanjen du òg!

På vegner av alle borna: Tusen takk.

Riktig god jul!


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken