Straumen kan i periodar bli gratis i Midt- og Nord-Norge til våren og sommaren. Store deler av Sogn og Fjordane, inkludert Sunnfjord, ligg i sona Midt-Norge. Det spår i alle fall fleire kraftanalytikarar som VG har snakka med.

Rett skal vere rett. Heilt gratis blir det ikkje: Slår spådommane frå kraftanalytikarane til, vil du ikkje måtte betale spotprisen for straumen du nyttar, berre avgiftene som er lagt på.

Grunnen til at kraftanalytikarane spår gratis straum, er at vi kan gå inn i ein periode med kraftoverskot i heile Norden.

Det at nabolanda våre har investert i meir vindkraft og slit med dårleg overføringskapasitet mellom dei ulike regionane gjer også til at kraftoverskotet kan bygge seg opp. Finnane skal også fyre i gang ein ny atomreaktor, som genererer masse straum.

Vassmagasina kan komme til å renne over i våre område. Fyllingsgraden i Nord-Norge og Nord-Sverige ligg fem prosent over normalen for dei siste 20 åra. Og heller enn å sleppe vatnet ut, og risikere å ikkje tene noko pengar på dropane i det heile, kan vasskraftprodusentane kutte drastisk i prisen.