VG: Trine Skei Grande trekkjer seg som statsråd og Venstre-leiar

– Gjennom helga har eg kome til at det beste er at nokon andre slepp til, sjølv om eg ikkje veit kven det er, seier Trine Skei Grande til VG.

– Gjennom helga har eg kome til at det beste er at nokon andre slepp til, sjølv om eg ikkje veit kven det er, seier Trine Skei Grande til VG. Foto:

Av

Tek heller ikkje attval til Stortinget.

DEL

Trine Skei Grande går av som Venstre-leiar og statsråd. Ho tek heller ikkje attval til Stortinget, skriv VG.

– Gjennom helga har eg kome til at det beste er at nokon andre slepp til, sjølv om eg ikkje veit kven det er, seier Grande til avisa.

Førre fredag la valnemnda fram ei samrøystes innstilling der dei gjekk inn for at Grande skulle halde fram som partileiar.

Grande seier ho onsdag kjem til å ringje valnemndsleiaren for å informere nemnda om avgjerda. Stortingsgruppe vil bli orientert klokka 15, opplyser ho.

Seinare onsdag skal ho ha eit telefonmøte med sentralstyret, der dei mellom anna skal diskutere om landsmøtet i april skal utsetjast.

Artikkeltags