Det melder VG tysdag morgon.

Rundt klokka 03.20 natt til tysdag kom partane samla ut av Näringslivets Hus i Stockholm og melde om at SAS-leiinga og pilotane no er einige om ein avtale.

Avtalen går mellom anna ut på at alle pilotar som vart sagt opp under pandemien, no har krav på å få jobben sin tilbake. I tillegg har partane blitt einige om nye 5,5 årige tariffavtalar og flygingane til SAS vil bli starte opp att så snart som mogleg, skriv VG.

– Endeleg kan vi ta opp att vanleg drift og fly våre kundar på deira etterlengta sommarferiar. Eg beklagar djupt at så mange av passasjerane våre har blitt råka av denne streiken, sa SAS-sjef Anko van der Werff til VG.

Les meir om streiken her:

Les også

Vi skryter av demokratiet i Norge – heilt til ferien vår blir kansellert