Nesten alle kortterminalane i Noreg var nede måndag ettermiddag. Problemet er no løyst, og det vil snart vere normal drift igjen, skriv VG.
– Det tek litt tid før alt er oppe som normalt, men eg vil seie at no skal alt snart vere oppe å gå, seier Pål Andre Fredriksen, administrerande direktør i Verifone, som lagar betalingsløysingar, til VG.
– Viss du går i butikken no, skal du ha ei ganske vanleg oppleving. Alt skal vere tilbake til normalen innan ein halvtime-times tid, seier han.
Feilen vart oppdaga i 12-tida måndag. Opp mot 130.000 bankterminalar var ramma.

Les også
Andreas (23) og Eirik (24) måtte tenke seg om då kortterminalane var nede: – No er 17. mai berga

Les også